Alle er einige om at det er herleg når det er gjort, og det tar ikkje så frykteleg lang tid, men mange gjer det likevel sjeldnare enn vi ønsker.
Vi skal sjølvsagt inn på soverommet og til senga, for kor ofte bør vi eigentleg skifte sengetøy?
– Det er ikkje nokon klar fasit, men ein seier jo at éin gong i veka eller annakvar veke er det som er mest optimalt, seier Anna Bistrup, seniorrådgivar i Norges astma- og allergiforbund.
Anna Bistrup fortel at nokon kan kvalifisere til sengetøystøtte frå Nav.
Foto: Morten Skovdal / Norges Astma- og AllergiforbundKos og komfort
Nyvaska sengetøy er ikkje berre viktig for kos og komfort, det betyr også noko for helse og hygiene.
– Vi sveittar veldig mykje per natt, sjølv om vi ikkje merkar det. I tillegg til at hudceller, kanskje litt feitt frå hud og slikt blir igjen i sengetøyet, fortel Bistrup.
– Er det nokon dyr som bur på laken og i madrassen som koser seg om vi skiftar for sjeldan?
– I Noreg slepp vi unna ein del av dei eklaste dyra, som veggedyr eller bedbugs. Men vi har midd, som kan trivast i senga. Så det er viktig å vaske sengetøyet, men like viktig for helse og hygiene er det å støvsuge soverommet.
Folk NRK møtte på gata i Hokksund har ulike rutinar for sengeskift.
Tina Brock / NRK
– Blei skeivt og alt blei gale
– Eg må vere ærleg og seie at eg aldri har gjort det. Det har sambuaren min gjort i 45 år, seier Jonny Sandholm.
– Kvifor gjer ikkje du det?
– Eg klarer det ikkje. Eg har vel prøvd, men det blei ikkje noko greie på det. Det blei så skeivt og alt blei gale. «Den jobben tar eg,» sa ho.
Tina Brock / NRK
Klar arbeidsfordeling
Kirsten Amlie og Stein Kvernvik seier dei skiftar annakvar veke.
– Ho tar av senga og legg tøyet på vaskerommet, og så støvsyg eg madrassen, seier han.
– Og når eg har lagt på nytt sengetøy, støvsyg han golva, seier ho.
Tina Brock / NRK
– Ubeskriveleg herleg
– Det er ho som gjer det. Ho er litt meir nøyen enn meg, seier John Marcus Pettersen, og peikar på sambuaren.
– Det er ubeskriveleg herleg å legge seg i reint sengetøy, spesielt etter ein dusj. Det er så komfortabelt at du kjenner du får ei betre natt enn til vanleg, seier Ugne Zagunaite.
Tina Brock / NRK
– Eg søv betre
– Eg skiftar annakvar veke, og sånn har det alltid vore. Det er veldig herleg å legge seg i reint sengetøy, eg trur eg søv betre da òg. Eg bur framleis heime hos mamma og pappa, men skiftar på senga sjølv, seier Adele Andreassen.
Kan få Nav-støtte
Anna Bistrup i Norges astma- og allergiforbund meiner det kan ha noko å seie for helsa vår.
– Om du slit med atopisk eksem, som er ein ganske slitsam, kronisk hudsjukdom, som gjer at ein må bruke mykje feite kremar, så er det veldig viktig å skifte sengetøyet hyppigare.
Ho fortel at sengetøyet kan bli veldig feitt, og om du da har sårbar hud, kan det føre til infeksjonar.
Rådgivaren seier at du da kan søke støtte frå Nav.
– Om du har ein hudsjukdom og må vaske sengetøyet ofte, vil det slite meir på stoffet, og du kan få økonomisk støtte til dei utgiftene.
Hjerneforskar Marte Roa Syvertsen seier det kan hende det kan ligge noko svar i kvinnelege kjønnshormon.
Foto: Azad Razaei / NRKForskjell på kvinner og menn
Marte Roa Syvertsen er lege ved nevrologisk avdeling på Drammen sjukehus. Ho seier det av erfaring er forskjell på kven som gjer kva av husarbeid.
– Erfaringsgrunnlaget verkar i alle fall rimeleg breitt når ein begynner å spørje, da er det mange kvinner som er oppgitte, og mange menn som stiller seg uforståande.
– Det er hjernen som oppfattar behov og som vel all respons og åtferd. Nokre grunnleggande forskjellar på kvinner og menn sine hjernar er det jo, blant anna knytt til effektane av kjønnshormon – østrogen og testosteron. Kanskje kan det vere sånn at kvinnelege kjønnshormon fremjar åtferd som er knytt til det å bygge ein heim?
I dyreriket er det ofte artsspesifikke kjønnsforskjellar på kven som «steller heime».
– Hos rotter er det for eksempel hoene som bygger reir, når dei har blitt drektige. Om dette er overførbart til skifting av sengetøy eller ikkje, kan ein jo lure på. Om nokon finn eit forskingsbasert svar på det, trur eg i alle fall at det er ein god kandidat til Ig Nobelpris.
Publisert 29.10.2025, kl. 12.51








English (US) ·