Sakna mann funnen omkomen i Bergen

1 week ago 7


Ein britisk mann i 70-åra som har vore sakna sidan torsdag, er funnen omkomen i fjellområda i Bergen.

– Mannen blei funnen i terrenget omtrent mellom Skomakerdiket og Fjellhytten, seier operasjonsleiar, Steinar Hausvik i politiet.

Like etter klokka 14 opplyser han at mannen har blitt henta ned frå fjellet med redningshelikopter.

Meldt sakna av hotell

Mannen vart meldt sakna fredag kveld etter at hotellet han budde på ikkje fekk kontakt med han.

Han opplyser at dei førebels ikkje kan seie noko om årsaka til dødsfallet.

Klokka 06.23 laurdag morgon starta politiet ein leiteaksjon etter den britiske mannen.

Han vart sist sett då han forlot hotellet torsdag føremiddag, og eigedelane hans låg igjen på rommet.

Reiste aleine

Politiet vart varsla fredag kveld.

Opplysningar i saka førte til at politiet sette i gang ein omfattande leiteaksjon i fjellområda aust for Bergen, inkludert Fløyen, Svartediket og Starefossfjellet.

Redningshelikopter frå Florø, samt frivillige frå Røde Kors, Norsk Folkehjelp og Norske Redningshunder har delteke i søket.

Klokka 09.51 laurdag morgon var helikopteret på staden.

Kort tid etter fekk politiet stadfesta identiteten til mannen og varsla dei pårørande i Storbritannia. Mannen skal ha reist aleine og var iført svart t-skjorte, kvit/grå shorts, beige sko og kvite sokkar. Han hadde med seg ein svart ryggsekk.

Mannen blei funnen i terrenget mellom Skomakerdiket og Fjellhytten i Bergen.

Publisert 16.08.2025, kl. 14.00 Oppdatert 16.08.2025, kl. 14.58

Read Entire Article