Det kraftigaste etterskjelvet hadde ein styrke på 1,6.
– Det er såpass lite at sannsynlegvis ingen har merka det, seier professor i seismologi, Mathilde Sørensen, ved UiB.
Dei har registrert minst seks etterskjelv måndag føremiddag. Truleg kjem fleire, men det er liten sjanse for at dei blir kraftige.
Mange vestlendingar merka at det rista godt like over klokka 21 søndag.
Ifølge UiB-forskarane hadde søndagens skjelv ein styrke på 4,0, og det var relativt grunt.
– Det er ein styrke vi ser i gjennomsnitt ein gong i året i Noreg, cirka.
Data kom inn utover kvelden i går, og det vart seint på kveld før seismolog Mathilde Sørensen kom seg til sengs.
Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal / NRKUlike fagnettverk har meld ulik styrke – alt frå 3,3 til 4,5 har blitt kunngjort.
Sørensen seier at det alltid vil vere noko usikkerheit knytt til styrken. Ulike fagnettverk nyttar også litt ulike metodar og målestasjonar.
Merka det ikkje
Ifølge Norsar var styrken på 4,3.
Men skjelv av gårsdagens storleik er ikkje kraftig nok til å skade bygningar, ifølge forskaren. I Noreg er det heller ikkje fare for tsunami etter slike skjelv.
Sørensen merka det ikkje sjølv.
– Ikkje før telefonen begynte å ringe, seier ho.
Slike hendingar er interessante for ein seismolog, og det vart seint før Sørensen kom seg til sengs.
Grafikken frå Norsk Nasjonalt Seismisk Nettverk viser korleis skjelvet søndag kveld slo ut på den seismiske målaren i Florø, om lag 70 kilometer unna skjelvets episenter.
Foto: Skjermbilde: Norsk Nasjonalt Seismisk Nettverk / NTBKan bli større
Jordskjelv skjer oftest på grensa til dei tektoniske platene i jordskorpa, som er langt unna Noreg.
– Men over tid kan det bygge seg opp slike spenningar lengre inn på plata, sånn som her kor vi bur i Noreg, seier Sørensen.
Det største skjelvet som er registrert på fastlandet i Noreg, hadde 5,9 i styrke. Det skjedde i 1819.
I teorien kan det komme skjelv på over 6 i Noreg, men det er snakk om tusenvis av år mellom kvar gong, ifølge Sørensen.
Ikkje mogleg å varsle
Det er ikkje mogleg å varsle jordskjelv på førehand, sjølv om mange har forsøkt seg på «meir eller mindre eksotiske metodar», seier Sørensen.
Klimaendringar vil føre til meir ekstremvêr, men har veldig lite å sei for jordskjelv.
– Viss du har smelting av isbrear, vil det til ein viss grad påverke spenningsfordeling i jordskorpa – som igjen kan igjen kan føre til endringar i jordskjelvaktivitet.
Men for isbreane i Noreg vil ikkje dette kunne føre til store skjelv, ifølge seismologen.
Publisert 13.01.2025, kl. 12.21 Oppdatert 13.01.2025, kl. 12.50