Ola Schrøder Røyset står opp grytidleg om morgonen for å ta imot lastebilane som skal ta i mot utstyret.
Saman med frivillige har han samla hundrevis av rullestolar, krykker, barnevogner og anna utstyr.
Lastebilane skal i retning Ukraina, og utstyret skal til dei som er råka av krigen.
Ola Schrøder Røyset er ein av dei som starta dette initiativet.
Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK– Vi kan endre noko. Vi kan ikkje endre heile verda. Men eg veit at dette hjelper enkelte skjebnar. Eg synest det er fint at vi kan dele dei tinga vi har i Noreg.
Røyset sit sjølv i rullestol, og er medgründer i selskapet Medvind assistanse. Dei samarbeider med Nav for å få til dette prosjektet.
– Vi er midt i ein prosess der vi hentar inn utstyr som blir sendt til Ukraina. Det skal til eit opptreningssenter for ukrainske soldatar som har blitt permanent skadde i krig, seier gründeren.
I Noreg flyt det over med fungerande rullestolar som elles ville blitt kasta. No blir dei sendt til Ukraina.
Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK.Ei lang reise
Om lag 100.000 personar har amputert armar, bein eller andre lem som følgjer av krigen i Ukraina. Det viser tal frå Verdas helseorganisasjon (WHO) frå februar.
Lastebilen som starta reisa i Ålesund, stoppar innom Oslo for å lesse på meir utstyr.
Der er Volodymyr Arabadazhy og teamet hans klare.
Han kom frå Ukraina saman med familien sin i 2022, og initierte prosjektet saman med Ola Schrøder Røyset. Volodymyr er også tilsett i Medvind assistanse, saman med Røyset.
– Denne hjelpa er veldig viktig, og vil hjelpe ein person til å bli meir uavhengig, seier Arabadazhy.
I Oslo har teamet fylt opp lastebilen endå meir, slik at den er klar for avgang.
Foto: Torbjørn Brovold / NRK.Vel framme på Wester Rehabilitation Center i Ukraina er dei ulike hjelpemidla klare for å få seg eit nytt liv.
Dette er eit senter der skadde soldatar og funksjonsnedsette i Ukraina blir tatt i mot.
Blant dei som får seg ein rullestol, er tidlegare soldat Vladislav.
Han fekk ein ryggmergsskade som følgjer av krigen, og er no avhengig av hjelpemiddel.
– Eg trur dette er veldig nyttig fordi det er ganske vanskeleg å få tak i denne rullestolen i Ukraina, seier han.
Vladislav må bruke rullestol som følger av skadar han fekk i krigen.
Foto: NRKHadde elles blitt kasta
Hos Nav hjelpemiddelsentralen i Møre og Romsdal er dei stolte over å ha fått til denne avtalen.
Ole-Andre Vidhammer er avdelingsleiar, og seier at dette er fullt brukbart utstyr som kan få eit nytt liv.
– Dette er ting som elles hadde blitt kasta, anten fordi det er ute av avtale eller for gammalt eller som ikkje lengre når opp til vår standard. No blir det gjenbrukt, og kan brukast i mange år.
Ole-André Vidhammer håper dei kan få til eit endå større prosjekt.
Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRKHan forklarer at utstyret er alt frå elektriske eller manuelle rullestolar, rullatorar, personløftarar, krykker, barnevogner eller barnesete.
– Eg synest det er veldig bra, både for oss og for staten at dette kjem til gjenbruk. Det er eit utruleg godt tiltak.
Foreløpig er dette eit lokalt tilbod, men Vidhammer seier at dei prøver å få tak i avtalar med Nav på landsbasis.
Prosjektet er eit breitt samarbeid mellom ulike aktørar.
Nokre av sitata er omsett frå ukrainsk til norsk.
Publisert 08.10.2025, kl. 05.12