Warning: session_start(): open(/home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions/sess_95bac9c0e36cb60639e56d3c4ef366a4, O_RDWR) failed: No space left on device (28) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59

Warning: session_start(): Failed to read session data: files (path: /home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59
Ser ny trend i fjellet - NorwayToday

Ser ny trend i fjellet

11 hours ago 4


– Før var det ei greie med å dra på stranda og sole seg i ferien. Det har forandra seg. No skal ein vere aktiv i ferien.

Det seier svenske Ebba Kjellsson (27) som nyleg var på tur over Besseggen i Jotunheimen saman med kjærasten sin Karl Narup (26).

– Besseggen ser magisk ut og seinare skal vi gå Galdhøpiggen.

Dei er to av stadig fleire unge som går i fjellet.

et par menn med ryggsekker på en steinete høyde med utsikt over en innsjø

Ebba og Karl på veg opp frå Gjende mot Besseggen.

Foto: Knut Storvik / NRK

– Trur unge blir lokka

Det viser nye tal frå Den Norske Turistforening (DNT).

Dei viser at dei no er nesten 331 000 medlemmar på landsbasis. Den største auka er i aldersgruppa 19–25 år.

– Eg trur unge blir lokka til fjellet etter fine bilete og videoar i sosiale medium. Når man ser kor fint det er så får man lyst til å oppleve det sjølv, seier Narup.

en innsjø omgitt av fjell

Denne utsikten over Gjende venter Besseggen-turistane.

Foto: Knut Storvik / NRK

Det svenske kjærasteparet er veldig glad dei oppdaga den norske fjellheimen.

– Det er utruleg fint her og vi skal gå fleire turar.

Går 16 dagar i fjellet

Det er ikkje berre det svenske kjærasteparet som går over Besseggen denne dagen.

Felicia Bekkvik (21) frå Harestua og Gard Håkenstad (25) frå Lillehammer er på ein skikkeleg langtur i fjellet.

Da NRK møter dei ved Besseggen er dei inne i sitt tiande døgn på tur.

Målet er å gå frå Langsua nasjonalpark til Sognefjorden via Jotunheimen.

– Vi er på kjærastetur da. Begge liker å vere ute, så da tenkte vi at å gå på fjelltur er ein fin ting å gjere saman.

to personer som poserer for kameraet

Da Felicia og Gard kom seg på Besseggen var det noko vind og litt regn.

Foto: Felicia Bekkvik / Privat

Begge er rykande ferske DNT-medlemmar.

– Det er veldig lett å få opplysningar om kva slags turar ein kan gå. Gjennom sosiale medium får ein inspirasjon frå andre som er mykje ute på tur, seier Bekkvik.

– Eg tykkjer det er fint å vere lenge ute på tur og berre nyte naturen. At stadig fleire unge går i fjellet kan skuldast at fleire får lyst når dei ser at andre er på tur, seier Håkenstad.

DNT: – Gledeleg oppgang

Henning Hoff Wikborg, dagleg leiar i DNT Oslo og omegn, fortel at det er ein gledeleg oppgang – og ekstra gledeleg at fleire unge har meldt seg inn.

– Eg har sjølv vore på tur med fleire ungdommar i sommar, og dei snakkar mykje om det å oppleve ting saman. I tillegg er det nok stas å legge ut fine bilete frå turane.

en mann som lener seg mot et tre

Henning Hoff Wikborg i DNT Oslo og Omegn.

Foto: Linn Holstad Hines / DNT

Kvifor akkurat så mange unge kjem til fjells skal dei undersøke nærmare.

– Eg trur mange saknar å oppleve fellesskapet. I staden for at alle startar å skrolle med mobilen sin i kvar bidige ledige stund, ser vi at ungdommen er til stade for kvarandre og har gode samtaler.

Kva har du gjort i sommarferien?

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

– Trendy å gå i fjellet

Verten frå turisthytta Gjendesheim, Marius Haugaløkken, er glad for at fleire finn vegen til fjells.

– Det har vorte trendy å gå i fjellet. Livsstilen som er i vinden er å vere aktiv og sunn.

Turistverten kan melde om generelt god trafikk i år og ei auke på over 20 prosent frå i fjor.

– I sommar har vi hatt 5 200 personar som har overnatta. Dei utanlandske turistane kjem uansett, men nordmenn er veldig avhengig av vêrmeldinga på Yr. Sidan det har vore strålande ver i sommar har nordmenn kome.

en person som står på en strand

Marius Haugaløkken, vertskap på Gjendesheim.

Foto: Knut Storvik / NRK

Sjølv har han ikkje merka at det har vore så mange fleire yngre på turisthytta enn andre år, men;

– Vi opplever at krava til fjellturisten er noko anna no enn for nokre år sidan. Stadig færre vil ligge på sovesal, og fleire spør etter dobbeltrom. Derfor har vi rive det eine huset med sovesalar og bygger nye dobbeltrom. I tillegg har vi bygd ei badstue.

en person som står på en strand

Marius Haugaløkken framfor det som tidlegare var sovesal som no blir nye dobbeltrom.

Foto: Knut Storvik / NRK

Fleire nordmenn og svak krone

På andre sida av Gjende kan også turistvert ved Gjendebu, Øystein Gården, melde om ei formidabel auke i år.

– Vi trudde ikkje vi kom til å matche fjoråret – men med det gode vêret så har oss over 5000 gjester som har overnatta her. For vår del er det ei auke på 11 prosent frå i fjor.

Familie som sitter på en benk

Vertskapet på Gjendebu. På bilde er det Ranveig Jenssen, William, Oskar og Øystein Gården.

Foto: Gjendebu / Privat

Mange av desse har vore ungdommar og barnefamiliar.

– Mykje av oppgangen skuldast det fine vêret. Men når det gjeld dei unge så trur eg dei tykkjer det er godt å vere litt avslått. Når ein er i fjellet heng ein ikkje så mykje på telefonen, seier Gården.

Også han ilegg det gode vêret hovudårsaka til oppgangen.

– Nordmenn går etter Yr. Er det ein regndrope der så kjem ikkje så mange nordmenn. I år har det vore mykje godt ver. Ein anna grunn til at fleire kjem er nok den svake krona.

Oppgang over heile landet

Hoff Wikborg frå DNT Oslo og omegn kan melde om gode tal over heile linja.

– Mange hytter rapporterer om bra besøk. Det er ikkje nokon gunstig kronekrus, men mange har nok også oppdaga at Noreg har mange flotte destinasjonar.

Gjendebåten frakter kvar dag turistar over Gjende gjennom heile sommaren. Som oftast skal dei gå over Besseggen.

Skipperen på båten, Harald Øvstedal, opplyser om at dei satsar på å nå over 50 000 personar denne sommaren.

– For oss er det gode tal. Det har vore ein fantastisk sommar og mykje folk. Spesielt nordmenn har kome og dei har vel ikkje sett nokon grunn til å reise til Gran Canaria når vi har slikt ver heime.

en person som sitter i et kjøretøy

Harald Øvstedal frå Gjendebåten.

Foto: Knut Storvik / NRK

Har sett fleire med telt

Dei fraktar alle slags grupper inn i fjellheimen.

– Vi har frakta mange unge innover i mange år, og det er jo in å halde seg i form. Det er nok og stas å kome seg på ein fjelltopp og få teke bilete til Instagram.

Sjølv har han merka at det har kome fleire til fjellet i år med telt enn tidlegare.

– Det er kanskje mange som har funne tilbake til det enkle friluftslivet, seier Øvstedal.

en person som sitter i et kjøretøy

Harald Øvstedal frå Gjendebåten.

Foto: Knut Storvik / NRK

Det svenske kjærasteparet er uansett ikkje i tvil om at dei har vald riktig i det dei traskar oppover sherpatrappa på veg mot Besseggen.

– Vi kjem garantert tilbake til den norske fjellheimen.

Hei!

Takk for at du leste artikkelen. Vi prøver heile tida å skrive relevante nyheitssaker. Om du har eit tips vi bør sjekke opp eller ei sak du meiner vi må omtale er det berre å ta kontakt. 

Publisert 02.08.2025, kl. 21.28

Read Entire Article