Tala frå teknisk berekningsutval (TBU) er heilt sentrale når partane i arbeidslivet snart skal i gang med årets lønnsoppgjer.
Dei skal legge til rette for at partane har eit felles utgangspunkt før dei startar å forhandle om lønn.
Utvalet anslår at prisveksten vil vere på 2,5 prosent i år. Det betyr at lønene må stige meir enn dette for at ein skal få reallønnsvekst.
– Vi kan vente oss ein lønnsvekst på over fire prosent i år, seier sjeføkonom i DNB Markets, Kjersti Haugland.
Ho får støtte frå sjeføkonom-kollega Marius Gonsholt Hov i Handelsbanken.
– Eg tenker vi kan vente oss mellom 4,25 og 4,5 i lønnsvekst i år. Det er litt mindre enn i fjor, men framleis er det nok til at folk få tydeleg reallønnsvekst, seier sjeføkonom i Handelsbanken Marius Gonsholt Hov.
Skulle både utvalet, Haugland og Hov treffe blink, så kan det bety at året i år også vil gi folk reallønnsvekst.
I fjor fekk folk nemleg auka kjøpekraft. Lønene auka i snitt 2,4 prosent meir enn prisane, ifølgje tala til utvalet.
I 2023 steig prisane derimot meir enn lønene, og reallønnsnedgangen var på 0,4 prosent.
Utvalet understrekar som vanleg at prisvekstanslaget er usikkert. Dei trekk blant anna fram den auka uroa som har kome som følgje av ein eventuell handelskrig, som ei av årsakene til det.
Utvalet trekk også fram usikkerheit knytt til utviklinga i kronekursen og energiprisane.
TBU trur prisveksten skal vere lågare i år enn både Noregs Bank, som set renta, og Statistisk sentralbyrå (SSB). Dei trur prisveksten vil lande på høvesvis 2,6 og 2,7 prosent i år.
Årets lønnsoppgjer er eit mellomoppgjer. Det betyr at ein berre forhandlar om lønn, og ikkje alle andre delar av tariffavtalane.
Publisert 14.02.2025, kl. 10.01 Oppdatert 14.02.2025, kl. 10.29