Sjekk kven som dukka opp i hamburgeren til Alma (11)

4 hours ago 3


Restaurantbesøket på Burger King tysdag blei av det uvanlege slaget for jentegjengen på 11 år i Ålesund. Dei feira sommarferie for handballaget og skulle kose seg med hamburgarar og brus.

Men dei fekk ei ekstraservering dei ikkje hadde drøymt om – og aldri ville bedt om.

– Eg blei ganske overraska og så tenkte eg det var ganske ekkelt. Alle blei ganske kvalme og dei ville ikkje ete meir, seier ho.

For ein rundt tre-fire centimeter lang, glinsande, grøn snigel dukka opp i burgeren til Alma Nikoline Fjelly.

Det var Sunnmørsposten som fortalde om den uvanlege serveringa først.

Snegle i hamburger

Foto: Yngve Koppen

– Eg synest det er pyton

11-åringen er ikkje så glad i salat, så den plukka ho ut, og trudde først det var ein liten sylteagurk som hadde forvilla seg inn i hamburgaren hennar. Ho bestemte seg difor for å undersøkje saka litt nærare.

– Så tok vi bilde av den og zooma inn, og då såg vi at den hadde følehorn, fortel ho.

Dermed blei dei vaksne i troppen konsultert. Dei såg med ein gong kva det var.

Trenaren Yngve Koppen seier han grøssa då han skjønte kva som låg i burgeren.

– Eg synest det er pyton. Eg la frå meg burgeren sjølv, og det gjorde alle dei andre. Vi parkerte måltida med ein gang, seier han.

Han synest det er rart at ingen av dei tilsette oppdaga snigelen, og seier ein av dei tilsette skal ha forklart at det vesle krypet truleg hadde følgt salaten inn i restauranten.

I ettertid varsla han både foreldra og Mattilsynet om det uvanlege funnet.

en mann som smiler til kameraet

Trenar og lagleiar Yngve Koppen for handballgruppa frå SIF/Hessa Idrettslag i Ålesund.

Foto: privat

Beklagar det som skjedde

NRK har ikkje lukkast å få ein kommentar frå leiinga ved Burger King Moa.

Via presseavdelinga har selskapet sendt ein e-post som er signert regionssjef Simen Klefstad. Ingen frå selskapet vil stille til intervju, men skriv at dei openbert ikkje har gjort ein god nok jobb i dette tilfellet.

Salatane våre blir levert forsegla frå produsenten, men det burde likevel vore fanga opp på kjøkkenet, heiter det i meldinga frå presseavdelinga.

Dei skriv vidare at dei beklagar det som har skjedd, går gjennom rutinane og har meldt avviket til produsenten.

Snigel på serviett

Burger King har sendt oss dette bildet av snigelen for å vise storleiken.

Foto: privat

Forskar seier det neppe er farleg

Forskar Bjørn Arild Hatteland ved Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio) har sett bilde av snigelen frå Burger King og trur han kan vere av typen Arion flagellus. Det er ein slektning av brunsnigelen, men har ikkje blitt registrert i Noreg før.

Hatteland trur den opphaveleg kjem frå England, og seier den neppe er farleg, sjølv om den kan ta med seg parasittar.

– Eg trur ikkje det skal bety noko, det skal veldig mykje til. Sniglar er ikkje kjent for å overføre sjukdommar til folk, så vi ser det ikkje som nokon fare med sniglar som kjem inn til landet, seier han.

Forsker Bjørn Arild Hatteland holder en brunsnegle.

Forskar Bjørn Arild Hatteland med ein brunsnigel, det han trur er slektningen til den som blei funnen i hamburgaren.

Foto: Tale Hauso / NRK

Fekk tilbake pengane

Alma Nikoline Fjelly fortel at handballaget til SIF/Hessa fekk tilbake alle pengane, men at ho ikkje har tenkt seg på Burger King igjen med det første.

Ho grøssar når ho tenkjer på at snigelen no kunne ligge i magen hennar i staden for i søpla.

– Ja, det var like før eg tok og åt den, men så såg eg nøye på den, og då åt eg den ikkje likevel, seier ho.

Olivia Grytten Syversen, Emma Lyng, Emilie Olsen Skytterholm og Alma Nikoline Fjelly

Dei fire jentene kjem ikkje til å gløyme restaurantbesøket med det første. Frå venstre Olivia Grytten Syversen, Emma Lyng, Emilie Olsen Skytterholm og Alma Nikoline Fjelly.

Foto: Remi Sagen / NRK

Publisert 18.06.2025, kl. 20.19

Read Entire Article