Det skal ha blitt levert rusmiddel til pasientar ved Sandviken sjukehus fleire gonger via matleveringar.
Det skriv Bergensavisen fredag.
Klinikkleiar ved Sandviken Psykiatriske klinikk, Brede Aasen, seier til avisa at han kjenner til «ei handfull» tilfelle der pasientar ved sjukehuset har fått levert narkotiske stoff via matleverandørar.
– Vi ser svært alvorleg på saka. Vi jobbar dagleg med å ikkje få inn narkotiske stoff i våre institusjonar. Her behandlar vi menneske med alvorleg psykiske lidingar og rusliding, så det er viktig for oss å ha ein rusfri institusjon, seier Aasen til NRK.
Veit ikkje kven som leverer
Ifølgje klinikkdirektøren var første gong dei blei kjent med dette i 2024, og dei har avdekt rundt fem tilfelle til saman.
Førre veke blei det kjent at A-krimsenteret mistenker at fleire av dei som leverer mat i Bergen, kan bli nytta til svart arbeid.
Aasen veit ikkje kven som har levert maten med rusmiddel til sjukehuset.
– Ved matleveransar til institusjonen har personalet avdekt rusmiddel i hamburgar, under pizza og i milkshake, og pasientar sjølv har bekrefta det.
– Er det nokon av desse pasientane som har fått i seg dei narkotiske stoffa?
– Ja, det er det, svarar han.
Matbod er ikkje den einaste måten det blir prøvd smugla inn narkotiske stoff til sjukehuset. Klinikkdirektøren fortel at metodane er mange.
– Vi har erfart at det har blitt lagt narkotiske stoff på uteområdet vårt, på offentlege toalett, og at det kjem inn med besøkande. Så det er ei utfordring vi har for å halde pasientane rusfrie.
Klinikkdirektør ved Sandviken Psykiatriske klinikk, Brede Aasen.
Foto: Ingeborg Børve Skjold / NRKOpnar tilsyn
Statsforvaltaren i Vestland skriv i ein e-post til NRK at dei har opna tilsynssak.
– Vi har opna tilsynssak og kommenterer ikkje meir ut over dette, skriv assisterande direktør Ola Alsterholm hos statsforvaltaren.
Han vil ikkje svare på når tilsynet blei opna.
– At statsforvaltaren opnar tilsyn tar vi til etterretning, og vil legge til rette for å belyse saka, seier klinikkdirektør Aasen.
Pasient- og brukarombodet i Vestland synes det er bekymringsverdig at pasientar har fått smugla inn rusmiddel med matbod.
– Dette kan få alvorlige konsekvensar. Difor er det bra at det blir tatt på alvor på sjukehuset. Det er viktig at dei har gode rutiner internt for å forhindre dette så dei faktisk kan gi god pasientbehandling, seier fagleiar Marianne Gjøsæther Litland.
Pasient- og brukarombodet oppmodar sjukehuset til å hindre at det skjer igjen.
Ber leverandørane om å identifisere seg
Aasen understrekar at dei har reglar for visitering av pasientar som kjem tilbake frå permisjon, eller dersom dei har med seg posar frå butikkar. Dei som leverer mat til institusjonen, må identifisere seg.
– Når matboda kjem ber vi alltid om ID, slik at vi veit at dei kjem frå dei firma dei seier at dei er frå, seier han.
Aasen bekreftar at det har vore tilfelle der personar som leverer mat har motsett seg å vise fram identifikasjon.
– Det synest vi er svært alvorleg, og aukar mistanken vår om at det kan vere rusmiddel som kjem med leveringa.
Publisert 26.06.2026, kl. 12.29 Oppdatert 26.06.2026, kl. 12.47









English (US)