Skogen blei rasert med motorsag – naboar vurderer å leige inn privatetterforskar

4 hours ago 2


Historia starta 14. oktober, da det blei oppdaga at 80 tre var saga delvis over med motorsag i det naturskjønne området Bunestoppen i Bamble kommune.

Natt til måndag skjedde det på nytt.

Ein familie tok ifølge avisa PD opp lyden av ei motorsag som jobba gjennom natta.

Da det blei lyst var det ingen tvil om kva som hadde skjedd. Nye tre var enten skadde eller felte i det same området.

Naboane meiner det må skje noko drastisk om dei skal kunne sove godt om natta framover.

– Skaper uro

Ein av dei er Erna Flattum Berg, som bur i nærleiken og er leiar i den lokale velforeininga.

Ho håpar først og fremst at politiet etterforskar saka og finn syndaren.

en person som står på en vei

Erna Flattum Berg, nabo.

Foto: Fredrik Pedersen / NRK

Om så ikkje skjer er ho villig til å punge ut for å løyse saka.

Privatetterforskar er eit av fleire forslag.

Viltkamera og vakthald blir også nemnt som ei moglegheit.

en lastebil som frakter tømmerstokker

Kommunen har leigd inn folk til å ta seg av dei øydelagde trea som nå må fjernast.

Foto: Fredrik Pedersen / NRK

– Ein kan jo også opprette ein spleis. Eg trur og håpar at både naboar, velforeiningar og kanskje stiftingar vil vere med på å støtte dette.

– Kvifor vil du gå så langt som å engasjere privatetterforskar for å oppklare hærverk på tre?

– Det skaper uro og utryggleik i nabolaget. Ein begynner jo å skule litt på kvarandre, og det er ikkje bra for nokon. Det er verdt nokre kroner å sove trygt om natta, seier Berg engasjert.

– Dette er ein skog veldig mange bryr seg om. Dette kan jo halde fram neste natt og neste natt etter der igjen. Kva anna kan vi gjere?, spør Berg.

en person som går tur med to hunder på en vei

Bente Odden bur i nabolaget, og er svært engasjert i Bunestoppens skjebne.

Foto: Fredrik Pedersen / NRK

Ho får støtte av naboen Bente Odden.

– Ein blir harm. Det har jo vore folkevandring her etter at det skjedde. Det går opp for folk kor alvorleg dette er, seier ho til NRK.

Etterforskar saka

Politiet fekk ei melding frå kommunen før helga, men denne blei raskt lagd bort.

Etter den nye hendinga vil dei likevel sjå nærare på saka.

en mann i uniform

Hans Egil Seljordslia, politiadvokat i Sør-aust politidistrikt.

Foto: Magnus Skatvedt Iversen / NRK

Det bekreftar politiadvokat Hans Egil Seljordslia i Sør-aust politidistrikt.

– Det viktige for oss nå er å få fleire opplysningar inn i saka. Særleg om det er personar som bur i nærleiken som har høyrt eller sett noko som kan ha ein samanheng med dette skadeverket, seier han.

Politiet har blant anna vore på staden med ein hundepatrulje.

At naboane vurderer å hyre inn ein privatetterforskar, er han ikkje veldig begeistra for.

– Dette er oppgåver som politiet normalt sett skal utføre, så det er ikkje noko vi støttar. Men vi er interesserte i eit samarbeid med personar som har kunnskap, og eventuelt kan bidra til oppklaring av saka og eventuelt føre til ein strafferettsleg reaksjon mot gjerningspersonane.

Omstridd område

Det er ikkje første gong folk er engasjerte i skjebnen til området.

Naturområdet på Bunestoppen har nemleg vore gjenstand for ein årelang konflikt.

Eit fleirtal i kommunestyret har lenge ønskt å bygge bustader i delar av området.

Det er allereie laga til ein asfaltert veg til mange titals millionar kroner gjennom skogen.

I tillegg er det bygd ein brannstasjon.

Både vegen og brannstasjonen har seinare blitt erklært som ulovleg oppført.

Statsforvaltaren har nemleg oppheva reguleringsplanen til kommunen for Bunestoppen på grunn av manglande utgreiing av naturverdiar, og spesielt ei rekke raudlista artar.

Blant dei orkideen raud skogfrue og ulike variantar av kalkskog.

Det er nettopp desse trea som nå er ramma av hærverk.

Fleire meiner det kan vere ein samanheng, men ordførar Petter Jørgensen (Frp) meiner dette er søkt.

en mann som står foran en haug med kuttede tømmerstokker

Petter Jørgensen, ordførar i Bamble (Frp).

Foto: Fredrik Pedersen / NRK

– Eg ser at det er nokon som har spekulert i det. Sjølv klarer eg ikkje å sjå at nokon skulle ha nokon gevinst av dette, seier han til NRK.

Publisert 21.10.2025, kl. 20.46

Read Entire Article