– Det er ein alvorleg situasjon som er levande heile tida, seier operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen i Vest politidistrikt torsdag morgon.
– Det har vore hendingar med små og store ras og veldig mange stengde vegar. Det er krevjande å halda oversikt over alle områda som er råka, og det gjeld stort sett heile Vestlandet.
Det har regna kraftig mange stader i Vestland, Møre og Romsdal og Trøndelag. Det har gått fleire jord- og steinskred:
- Gaupne i Luster er isolert etter to skred.
- Fleire enn 3000 innbyggarar er isolerte i Sogndal.
- E39 mellom Skei og Moskog i Sunnfjord er stengt på grunn av flom, og innbyggarar i Jølster er isolerte.
- Fire hus er evakuerte etter skred i Kinn. I tillegg er hus i Ullensvang og Voss også evakuerte.
- Både i Ålesund, Molde og Surnadal er fleire menneske evakuerte etter jordskred og mykje regn.
Totalt er fleire tusen menneske isolerte. Kommunane Ullensvang, Sogndal , Luster og Molde har sett krisestab.
I Oldedalen gjekk det eit skred onsdag.
Foto: Andreas SundeRundt 50 vegar stengde
Det er rundt 50 stengde vegar på grunn av uvêret i Vestland, melder Statens vegvesen. Det er usikkert kva tid dei blir opna.
– Det blir vurdert om det kan startast opprydding i dag. Det er jo framleis eit stort farevarsel som gjeld. Naturen er metta på nedbør, så det vil nok bli gjort gode vurderingar på om det er forsvarleg med å starta oppryddingsarbeidet i dag, seier trafikkoperatør John Andreas Omdal i Vegtrafikksentralen torsdag morgon.
Nokre av vegane som er stengde:
- E39 mellom Skei og Moskog i Sunnfjord.
- E134 ved Håfoss i Etne.
- E39 mellom Kongeneset og Henneelva i Stad.
- Rv. 13 mellom Grimshaugen og Vinje i Voss.
Statens vegvesen ber også folk vurdera om dei kan la bilen stå og om dei må ut på vegane.
– Situasjonen er så uoversiktleg. Vegar kan bli stengde raskt, utan at Vegvesenet rekk å melda det, seier avdelingsdirektør Sven Egil Finden i Statens vegvesen til NRK.
Kine var på sushi-besøk hos veninner i Tyssedal, då dei plutseleg blie vitne til eit voldsomt ras på andre sida av fjorden.
Uvêret stenger også fleire fjellovergangar:
I Trøndelag gir kraftig vind problem. Tusenvis er straumlause og ferjer og hurtigbåtar ligg til kai.
Ei elv i Malvik gjekk over sine breidder natt til torsdag, men det er no kontroll på situasjonen.
Publisert 06.03.2025, kl. 06.34 Oppdatert 06.03.2025, kl. 06.46