Dokument nr. 15:2062 (2024-2025)
Innlevert: 29.04.2025
Sendt: 30.04.2025
Besvart: 06.05.2025 av justis- og beredskapsminister Astri Aas-Hansen

Erling Sande (Sp)

Spørsmål

Erling Sande (Sp): Kva vil statsråden foreta seg for å forhindre ei sentralisering av politiressursane og sørge for at politiet er tett på lokalmiljøet i Bremanger for å sikre tryggleik og drive godt forebyggande arbeid?

Begrunnelse

Vest politidistrikt opplyser at Politiet frå 1. mai vil erstatte begge stillingane ved politikontoret i Bremanger, inkludert stillinga som tenestestadleiar, med ein politikontakt, og i tillegg reduserer opningstida. Med ein slik løysning forsvinn fast tilsette med bustad i kommunen og verdifull lokalkunnskap. I Hurdalsplattformen var Sp og Ap einige om å «styrkje politiets tenestestader med førebyggjande einingar, fleire oppgåver og ressursar. Sikre ei minimumsbemanning per tenestestad og at tenestene er tilgjengelege alle kvardagar, heile året.»

Astri Aas-Hansen (A)

Svar

Astri Aas-Hansen: Regjeringa la i 2023 fram handlingsplanen Trygghet i hverdagen, der politiet sitt samarbeid med kommunane vart styrkt. Eit viktig tiltak er at politikontakten som hovudregel skal ha denne oppgåva i hundre prosent stilling. Politiet skal årleg ta initiativ til å evaluere kommune-politi-samarbeidet. Politidistrikt som ikkje oppfyll krava, vert følgt opp av Politidirektoratet.
Regjeringa har òg sett i gang ei tillitsreform, der verksemdene i staten og i kommunen skal få meir handlingsrom, tillit og fagleg ansvar og mindre detaljstyring.
Politiet fastsett lokal organisering, prioritering og ressursbruk i samråd med kommunen og andre relevante aktørar. Dette er i samsvar med både den nemnde handlingsplanen og tillitsreforma. Politidistriktet og andre lokale aktørar har best kunnskap om lokale utfordringar, moglegheiter og behov. Eg vil ikkje overstyre desse vurderingane, men vil stille krav til at politiet nytter dei samla ressursane sine best mogleg slik at vi får mest mogleg politikraft for pengane.