– Vi har store utfordringa kvart einaste nyttår, og no opplever vi testing av alle ting. Kva i alle dagar er det for noko?
Det seier Ina Giske, som er hundemor til Wida (2), Dina (5) og Øyvarg (7).
Ho er vant til å skjerme dyra på nyttårsaftan, men reagerer på at det blir skote opp rakettar i førjulstida i tillegg.
– Eg blir frustrert og lei meg. Eg synest vi burde ha komme lengre i 2025. No veit vi at fyrverkeri ikkje er bra for dyr, miljø og for mange menneske.
Selskapet Svea Fireworks har fått lov frå politiet til å teste fyrverkeri på Verpingsvika i Ålesund, på datoane 12.–21. og 27.–29. desember mellom klokka 18–21.
Dei har søkt om til saman fire oppskytingar i denne perioden, som skal vare i 45–60 minutt kvar.
Ina Giske seier fyrverkeri går ut over dyra.
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRKMeiner det bryt med heilagdagsfred
Også Ove Rørvik, som bur i nærleiken av oppskytingsområdet, reagerer på dette.
– Er det verkeleg sånn at vi skal godta dette? Kvar desember, når vi nærmar oss jul og høgtider, så skal vi høyre på dette her.
Han er spesielt frustrert over at det ikkje er nokre grenser for kva dagar oppskytinga kan skje på, og legg vekt på at han synest det skal vere heilagdagsfred på søndagar.
Ove Rørvik synest ikkje noko om dette.
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK– Søndagar er det ingen som klipper plen eller køyrer motorsag. Søndagar er det stille. All unødig støy skal unngåast. Fyrverkerioppskyting på ein søndag kan ikkje vere innafor, det kan eg ikkje skjønne.
Rørvik seier han har varsla om oppskytinga til både Statsforvaltaren, kommunelegen, Dyrebeskyttelsen og Miljødepartementet, men har framleis ikkje fått noko svar.
– Om ein først skal prøve å få stopp på noko, så må ein ta i litt.
Seier det er ei lovleg vare
Roy Petter Normann er distriktsrepresentant for Svea Fireworks.
– Dette gjer vi for at personalet som sel fyrverkeri bak disk, skal ha best mogleg opplæring i sikker presentasjon til forbrukar av korleis fyrverkeriet funkar.
– Kvifor kan de ikkje ha oppskytinga lenger unna busetnad?
– Vi er jo langt frå det kravet som finst, som er 60 meter frå bustad. Her er vi 370 meter frå næraste bustad. Lyd vil det alltid vere frå fyrverkeri, og då er kravet frå politiet at dette skal varslast med kunngjering på førehand, og det blei varsla i Sunnmørsposten med annonse.
Roy Petter Normann viser fram løyvet dei har fått frå politiet.
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRKAnders Sture er dagleg leiar i Svea Fireworks, og seier at dei har prøveoppskyting fleire stader i landet.
– Vi har det i Trøgstad kommune i Østfold, og i Kristiansand også, seier han.
Vidare forklarer han det same som Normann, at årsaka er for å presentere fyrverkeriet til personalet.
Roy Petter Normann forklarer kvifor dei gjer dette i helga.
– Salspersonellet står i butikkar heile veka, og då er det derfor vi gjer dette i helga, fordi det passar best. Vi ønsker å ha eit arrangement der flest mogleg kan delta.
Han seier at han forstår at folk er mot fyrverkeri, men påpeiker at det er ei lovleg vare.
Fredrik Steffenssen i Ålesund Brannvesen seier området blei vald fordi det ligg langt vekke frå hus.
– Vi har gitt aksept i forhold til vårt regelverk. Staden dei har søkt på reknar vi som trygg.
– La vere
Åshild Roaldset er veterinær og dagleg leiar i Dyrebeskyttelsen Norge. Ho er ikkje imponert over oppskytinga i Ålesund.
– Vi reagerer sterkt på at det kan skytast opp fyrverkeri innanfor så mykje som tre timar, og på ubestemde datoar over ei så lang periode. Det gjer det veldig vanskeleg å skulle skjerma dyr og andre sårbare.
Leiar i Dyrebeskyttelsen Norge meiner ein bør unngå fyrverkeri heilt.
Foto: n16768Ho legg til at dei veit at dyr skadar seg eller mistar livet på grunn av fyrverkeri.
– Fyrverkeri kan utløyse sterk frykt og panikk hos dyr. Mange dyr har langt meir følsam høyrsel enn menneske, og høge, uføreseielege smell opplevast som akutt fare.
Ho oppfordrar alle som skal sende opp fyrverkeri, om å la vere.
– Om ein likevel vel å gjere det, må det skje med størst mogleg omsyn: hald deg til lovlege tider. Samtidig meiner vi at dette i botn og grunn er et politisk ansvar. Vi kan ikkje halde fram med ein praksis der kven som helst kan kjøpe kraftige eksplosiv og bruke dei midt blant dyr og menneske.
Publisert 18.12.2025, kl. 11.30
















English (US)