Mange har teke påskeferie og er kanskje på veg til hytta eller til svigers med fullasta bil.
Statens vegvesen reknar dagen i dag som den mest hektiske utfartsdagen.
Vegtrafikksentralen merkar at trafikken er i ferd med å ta seg opp. Samstundes fører aksjonen «Dieselbrølet» til saktegåande trafikk fleire stader i landet.
Vegvesenet oppmodar folk om å vurdere andre utreisedagar enn dagen i dag.
– Har du mogelegheit til å reise litt utanom dei mest trafikkerte tidene kan du spare både tid og frustrasjon, seier Nils Karbø, avdelingsdirektør for Vegtrafikksentralen i Statens vegvesen.
Her kan du sjå status i din del av landet:
Aust: Meir trafikk ut mot hyttefelta
Hos Vegtrafikksentralen øst, som dekker Akershus, Østfold og Innlandet, er det stille før stormen.
– Vi har ingen hendingar som påverkar trafikken akkurat nå, det er trafikk på veg ut frå Oslo og på E6, som har vart i noka timar, seier trafikkoperatør Tilia Mathre.
Klokka 17.20 melder ho om ein del trafikk på E6 nordover, men også ein del ved Lillehammer.
– Men det er veldig stille til å vere påskeutfarten, seier Mathre.
Påsketrafikken er i gang i store delar av landet, mellom anna i Oslo.
Foto: Ismail Burak Akkan / NRKHer du sjekke oppdaterte trafikkmeldingar.
Om du vil unngå kø og mykje trafikk, kan det vere lurt å unngå hovudfartsvegane, seier Mathre til NRK.
– Her blir det fort kø, seier ho og viser til E6 til Lillehammer, riksveg 7 mot Hallingdal, riksveg 25 mot Trysil og E16 mot Valdres.
– Har du tips til folk som skal ut på vegane?
– Følg med i trafikkbildet og bruk gjerne appen vår. Om du skal over fjellovergangar, så er det lurt å sjekke vêr og føre før du køyrer, seier Mathre.
Også ferjetrafikken får ein del trykk, mellom anna Moss–Horten.
Administrerande direktør i Torghatten, Øyvind Lund, seier dei er godt rusta til påsketrafikken. Alle dei fem fartøya deira vil vere i rute når trafikken er venta å vere høg.
Dei har også ekstra mannskap på plass dagane med mest trafikk, fortel Lund.
Han reknar med dette vil verte i dag, onsdag og første og andre påskedag.
Sør: Forventar meir trykk utover
– Trafikken flyt for det meste ganske fint, med unntak av ulykka på E 134, seier trafikkoperatør i Vegtrafikksentralen sør, Anniken Island til NRK.
Dei dekker Agder, Vestfold, Telemark og Buskerud.
Klokka 16.22 meldte naudetatane om at det har vore ei front mot front-ulykke E134 ved Brunkeberg.
Her er det lange køar som følgje av hendige, ifølgje Island. Trafikken dirigerast om på staden, bekreftar ho.
Det er lange køar på E134 etter ulykka.
Foto: Statens VegvesenPå E134 har òg bilar som deltek i «Dieselbrølet» ført til kø.
– Det dreier seg om forseinkingar på om lag ti til tolv minutt, og det toler folk som regel, seier trafikkoperatør Island.
Trafikkoperatør Ole-Petter Ruud seier dei forventar ein del trafikk utover påska, men at vêret påverkar kvar køane blir lengst.
– Om det blir snø og folk reise på fjellet, så pleier det å verte ein del trafikk på E16 Sandvika inn mot Hønefoss. Men om det blir lite snø, så trekke folk sørover. Då kan trykket kome gjennom Drammen og forbi Porsgrunn sørgåande. Her kan det fort verte ein flaskehals, seier Ruud.
Han legg til at det fort kan verte ein del forseinkingar, men ber folk om å ikkje stresse.
Påskeutfarten plar spreie seg utover, men heimereisedag er så å seie alltid søndagen.
– Sjølv om vêret er fint, så blir folk ikkje verande til måndagen, sjølv om dei kanskje er tent med det med tanke på kø, seier Ruud.
Vest: Forventar kø
På Vestlandet står det bra til på vegane, men trafikken har begynt å ta seg kraftig opp. Det seier trafikkoperatør Marianne Hove til NRK like etter klokka 17.00.
Vegtrafikksentralen vest dekker Rogaland og Vestland.
Særleg tek det seg opp med trafikk i bergensområdet, men det er også ein del utfart nordover mot Hylkje, samt ein del tett trafikk Vågsbotn til Arna og Nesttun til Arna.
På ferjesambandet E39 Lavik–Oppedal er det sett inn ei ekstra ferje fram til klokka 21.00 i kveld. Utanom dette, har ikkje Vegtrafikksentralen blitt varsla om særleg utfordringar i ferjetrafikken.
Hove forventar mest trafikk i dag, samt onsdag i neste veke.
Tradisjonelt er E16 Trengereid eit kritisk knutepunkt, men også mot Hylkje og mot Sogn, kan det fort verte ein del kø, seier ho.
Ved Trengereid i Vestland blir det ofte kø, men fredag ettermiddag ser det slett ikkje ille ut her.
Foto: Webkamera Statens vegvesenHo minner om at ein del ferjesamband kan ha auka pågang i påska, og at det fort kan verte ein del ekstra ventetid.
Om du skal ut og fly, kan det vere greitt å vite at Bergen lufthavn går inn i ei påske med rekordstor utfart. Totalt ventar dei 230.000 passasjerar denne påska, der særleg utanlandstrafikken har ein oppsving.
– Det blir travle dagar, men vi er godt bemanna og førebudd på den auka trafikken, seier lufthamndirektør Helge Eidsnes i ei pressemelding.
Han ber folk om å møte opp i god tid.
Midt: – Mindre trafikk utover dagen
– Her går det veldig bra. Det er jamt med trafikk, men ikkje noko ekstraordinært, seier trafikkoperatør Henrik Haugland i Vegtrafikksentralen midt.
Han sit med ansvar for Møre og Romsdal og i Trøndelag.
Medan trafikken har teke seg opp mange stader, har det derimot blitt mindre trafikk i denne delen av landet dei siste timane.
Dei siste åra har utfarten jamna seg ut, noko som gjer til at det ikkje blir for mykje kork enkelte dagar, fortel Haugland.
Men ekstra trafikk blir det alltids ut frå Trondheim i retning Stjørdal og Værnes. Også E39 mot Orkanger og sørover ut frå Trondheim er stader det kan verte ein del kø.
Nord: Store utfordringar med stengt tunnel
Vegtrafikksentralen nord dekker Nordland, Troms og Finnmark.
Den aller største utfordringa er stenginga av Raudhammartunnelen på E6 i Nordland. Tunnelen blir stengt i fleire dagar etter at ein russebuss stod i full fyr.
– Det blir ei langvarig stenging og det er ingen lokale omkøyringsmoglegheiter, så folk må køyre om Sverige. Og den omkøyringa er veldig lang, konstaterer trafikkoperatør Monika Stane.
Tunnelstenginga deler landet i to og fører til ekstra krøll for påskeutfarten.
I ettermiddag blir det sett inn to nye ferjesamband for å avvikle trafikken nordover, Bodø-Svolvær og Bodø- Skutvik.
I tillegg får vegtrafikksentralen ein del telefonar frå Troms om glatt og sørpete føre.
I nord skaper tunnelstenging og glatte vegar litt krøll, men elles står det bra til på vegane. Her frå Gandvdikbakken E6 i Finnmark.
Foto: Webkamera Statens vegvesenFleire køyretøy har køyrt utfor ved Takelvdalen i Målselv kommune.
– Er det stader det kan kome ein del kø utover i påska?
– Vi pleier ikkje ha så lange køar her i nord, seier trafikkoperatøren, som oppmodar folk om å følge med på vêr og føre.
Publisert 27.03.2026, kl. 17.44 Oppdatert 27.03.2026, kl. 17.49












English (US)