I morgon blir det dobbel folkefest i Oslo.
Med over 80 000 påmelde og deltakarrekord, kan Holmenkollstafetten skilte med å vere verdas største stafett.
Løpet har eit eiget beredskapsteam med lege og politi. I tillegg er Norsk Folkehjelp stasjonert rundt i løypa.
Foto: Håkon Benjaminsen / NRKDet betyr stengte vegar og innstilte bussar, og det kan bli svært utfordrande å komme seg rundt i byen.
– Det mest kaotiske er T-banen, så det er viktig med nok avgangar der, fortel dagleg leiar i Holmenkollstafetten, Martin Næss.
Ekstra avgangar
Ruter bekreftar at Holmenkollbanen vil gå hyppigare på laurdag, då fleire av etappane startar ved denne linja.
Medan T-banen går som normalt, får arrangementet store konsekvensar for resten av kollektivtransporten.
T-banen går som normalt, i tillegg blir det ekstra avgangar på linje 1.
Foto: NRK– Rundt 15 buss- og trikkelinjer får omkøyring eller vert innstilte. Vi set også opp nye busslinjer, seier Øystein Dahl Johansen i Ruter.
Har du tenkt deg på cupfinalen på Ullevål, rår Johansen deg til å rekne god tid.
– I tillegg oppfordrar vi å reise motstraums. Til dømes kan ein ta linje fem via Tøyen. Får vi utnytta den kapasiteten, vert det meir plass til alle.
Sømmeleg, men høglydt
Verken Brann eller Bodø Glimt er kjent for å ha ein beskjeden tilhengarskare, men arrangøren fryktar ikkje supporatarar i stafettløypa.
– Kampen er jo litt seinare og i ein anna del av byen, så eg er ikkje bekymra for at det skal bli eit problem, seier Næss.
Slik såg det ut når Brann-supporterane samla seg før finalen i 2023.
Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal / NRKSist Brann var i cupfinalen var i 2023. Då satt dei sitt preg på hovudstaden med ein marsj frå St. Hanshaugen til Ullevål.
Bilistar, trikkar og bussar måtte pent vente.
Leiar i supporterklubben, Bataljonen, Erlend Vågane, spår opp mot 20 000 tilreisande Brann-supportarar.
Han lovar at bergensarane skal oppføre
– Det kjem til å gå sømmeleg, men høglydt for seg.
Supporterklubben, Bataljonen, kjem i stor flokk over fjellet.
Foto: Synne Lykkebø Hafsaas / NRKDei har tilpassa møteplassen etter Holmenkollstafetten, men marsj til Ullevål blir det også i år.
– Mange hugsar marsjen i 2023. Det var ei massiv oppleving, så eg trur vi blir minst like mange i år. Ingen vil gå glipp av det.
Førebudd på uventa hendingar
Leiar for operativ teneste i Oslo politidistrikt, Grete Metlid, fortel at politiet er godt førebudd og skal vere synlege.
– Det er mykje som skal foregå, og vi skal vere klare for å handtere det om det skjer noko uventa.
Oslo-politiet håpar det skal kjennast trygt å besøke Oslo denne helga.
Foto: Christian Breidlid / Christian BreidlidHo oppfordrar både løpeglade og fotballsupporterar til å ta omsyn til kvarandre og feire på ein god måte
– Det er ingen tvil om at det blir mange som tek byen i bruk og skal feire seier eller nederlag. Viss det skjer noko, har vi god kapasitet til å handtere det.
Publisert 08.05.2026, kl. 21.13












English (US)