– Det høyrdest ut som ei bombe, seier ein hyttenabo til NRK.
15 minutt inn i det nye året starta med eit skikkeleg smell i ei hytte i det populære hytteområdet Hafjell i Innlandet.
Då fekk naudetatane melding om brann i ei hytte der det også skal ha vore fyrverkeri involvert.
Kva som skjedde, veit politiet foreløpig ikkje.
Men politiet omtalar det som ein eksplosjon i boden inne i hytta, noko som førte til store skadar på bygget.
Hytta fekk store skadar i eksplosjonen. Ein mann vart send til Ullevål sjukehus med alvorlege skadar.
Foto: Aleksandr Nedbaev / NRKDet var to born og tre vaksne på hytta.
Ein av dei vaksne, ein mann i 50-åra, vart skadd og flydd til Ullevål sjukehus med alvorlege skadar.
«Uvanleg»
NRK har snakka med fleire hyttenaboar i området, som ikkje ønsker å stå fram med namn.
Fleire omtalar smellet frå eksplosjonen som «uvanleg».
Denne heimelaga utskytingsrampa skal ha blitt brukt til å skyte opp fyrverkeri.
Foto: Aleksandr Nedbaev / NRKMannen var inne i boden då det eksploderte og starta å brenne i rommet.
Han klarte å ta seg ut og vart raskt tatt hand om og gitt førstehjelp av fleire hyttenaboar som kom springande til.
Deler av hytta fekk store skadar etter eksplosjonen og brannen.
Foto: Aleksandr Nedbaev / NRKI meldinga som politiet publiserte natt til 1. januar, står det at naudetatane fekk melding om brann i ei hytte der fyrverkeri skal ha vore involvert.
Foto: Aleksandr Nedbaev / NRKFleire hyttenaboar kom til med sløkkeapparat.
Foto: Aleksandr Nedbaev / NRKDet var fem personar i hytta, tre vaksne og to born. Ein mann i 50-åra vart sendt til Ullevål sjukehus med alvorlege skadar. Dei fire andre vart sende til sjukehuset på Lillehammer for sjekk.
Foto: Aleksandr Nedbaev / NRKPolitiet har sperra av åstaden og skal gjere kriminaltekniske undersøkingar.
Foto: Aleksandr Nedbaev / NRK
- Les også om at sju personar fekk augeskadar under nyttårsfeiringa. Det er det lågaste skadetalet på over 20 år.
Politiet etterforskar saka
Politiet har foreløpig ikkje avhøyrt mannen i 50-åra som vart skadd i eksplosjonen eller andre som var til stades.
– Politiet etterforskar hendinga og vil prøve å finne ut av kva som har skjedd og kva som er årsaka til eksplosjonen, politiadvokat Tore Martin Søbak Gundersen.
Politiet veit foreløpig ikkje kva som førte til eksplosjonen i hytta natt til 1. januar. Politiadvokat Tore Martin Søbakk Gundersen seier at politiet prøver å finne svaret på kva som skjedde i hytta.
Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK– Det inneber også å prøve å få svar på om det har skjedd noko straffbart.
Politiet planlegg no kriminaltekniske undersøkingar på åstaden, og vil avhøyre personar som var på staden.
Ingen er sikta i forbindelse med eksplosjonen.
Politiet har sperra av eigedommen i hyttefeltet.
Foto: Aleksandr Nedbaev / NRK- Folk flest vil forby privat fyrverkeri om kommunane står for showet. Oslo kommune droppa fyrverkeria til fordel for noko heilt anna.
Publisert 02.01.2025, kl. 18.11