Både ekspertar og politikarar reagerte sterkt då fredsprisvinnar María Corina Machado gav frå seg Nobelmedaljen til president Donald Trump tidlegare i år.
Den venezuelanske opposisjonsleiaren understreka at medaljen blei gitt som ein takk for det ho beskriv som Trump sitt «unike engasjement for Venezuelas fridom».
Trump kalla overrekkinga ein «fantastisk gest prega av gjensidig respekt.»
Dette må du vite om situasjonen i Venezuela
- Hvorfor gikk USA til angrep?
USAs president Donald Trump har sagt at målet med angrepet var å få kontroll på Venezuelas president Nicolás Maduro.
I USA er Maduro blant annet tiltalt for «narkoterrorisme», og Trump hevder at Maduro leder et narkokartell som er terrorstemplet i USA.
Maduro avviser beskyldningene, og har tidligere uttalt at Trumps «krig mot narkotika» er et påskudd for å få kontroll over Venezuelas olje og å avsette ham som president.
- Har USA lov til å gjøre dette?
Nei, mener alle ekspertene som NRK har snakket med i etterkant av angrepet.
Folkeretten, som alle FN-land plikter å følge, slår fast at bruk av væpnet makt overfor en annen stat ikke er lov. Det finnes to unntak: Ved selvforsvar, eller ved å få tillatelse fra FNs sikkerhetsråd.
I tillegg krenker militæroperasjonen med folkerettens prinsipp om statsoverhoders immunitet. Dette prinsippet innebærer at en sittende statsleder er beskyttet mot rettslig forfølgelse og arrestasjon av andre land.
USA argumenterer for at de ikke anser Nicolás Maduro som den rettmessige statslederen, og at han dermed ikke har immunitet, men det er fortsatt et brudd, ifølge ekspertene.
USA forsvarer handlingen som en legitim politiaksjon støttet av militære midler, og hevder at presidenten har konstitusjonell myndighet til å handle mot trusler mot rikets sikkerhet.
- Hva vil USA med Venezuela?
Trump har varslet at USA vil styre landet «inntil videre» og at amerikanske selskaper skal ta kontroll over oljeressursene slik at de «flyter som de skal».
Venezuelas visepresident, Delcy Rodríguez, mener uttalelsene om olje beviser at angrepet aldri handlet om demokrati, men om et rent ressursran, og uttaler at «alt nå er avslørt».
Eksperter peker på at Trumps mål er å forme en ny regjering som sikrer amerikanske interesser og fjerner russisk og kinesisk innflytelse i regionen.
- Hva skjer videre?
Trump har truet fungerende president Delcy Rodríguez med at hun vil betale en «enda høyere pris» enn Nicolás Maduro, dersom hun ikke gir etter for amerikanske krav.
Hun har på sin side bedt folket samle seg for å forsvare Venezuela og landets naturressurser. Eksperter peker på at Trump potensielt har forpliktet USA til en langvarig krig.
Midt i maktkampen er den humanitære bekymringen akutt; etter ti år med økonomisk kollaps og åtte millioner på flukt, frykter man at økt vold og politisk kaos vil føre til en forverret humanitær krise.
Måndag svarte Machado for første gang på spørsmål om kva bodskap ho har til nordmenn som kritiserer henne for å ha levert medaljen vidare.
Ho seier at ho vil sende eit bodskap til alle verdas borgarar som trur på fridom og demokrati, og at Venezuela no står på terskelen til fridom.
– For første gong er Nicolás Maduro sett i ein situasjon der han må stå til ansvar – internasjonalt rettsleg ansvar.
Vidare seier ho at overgangen til demokratiet er ein vanskeleg å risikofylt prosess.
– Derfor treng vi det internasjonale samfunnet som støtte til denne prosessen – akkurat no. Det er dette vi ber det norske folk om, som eg har stor respekt for og takkar djupt for støtta heilt fram til i dag, seier ho.
María Corina Machado har fått kritikk for at ho gav medaljen til Trump kort tid etter at ho vant Nobels fredspris.
– Seier ingenting om kvifor eller korleis
Professor og statsvitar Benedicte Bull påpeikar at Machado ikkje kommenterer at ho gav prisen til Trump.
– Ho seier ingenting om kvifor eller korleis ho rettferdiggjer det, anna enn at nordmenn må forstå at det er fridomskamp.
Bull meiner likevel at svaret er som forventa.
– Det er ikkje så vanskeleg å forstå at ho gjer alt som står i hennar makt for å prøve å få den usikre prosessen i Venezuela til å dreie seg i ein meir demokratisk retning
Ho seier at det uansett er eit problem at medaljen er blitt eit politisk byttemiddel.
– Og at den no er i hendene til personar som vi ser som ein av dei største trugslane mot demokratiet i verda, nemleg Trump.
Benedicte Bull
- Latin-Amerika-forskar
- Professor i statsvitskap ved Universitetet i Oslo
Professor Leiv Marsteintredet ved Universitetet i Bergen trur at Machado ikkje har interesse av å gå inn i ein debatt om kvifor ho gav frå seg medaljen.
– Ho ser nok på det å gi frå seg diplomet som ledd i den større kampen hennar for demokrati og tenker nok ikkje så mykje på kva kritikarane i Noreg måtte meine.
Framleis stor spenning
Menneskerettsgrupper anslår at fleire hundre politiske fangar er blitt lauslasten sidan begynninga av februar, men mange er framleis fengselet.
Juan Pablo Guanipa, ein opposisjonspolitikar og nær alliert av María Corina Machado, blei lauslaten frå fengsel i går etter meir enn åtte månader i varetekt.
Myndigheitene har begynt å sleppe fleire politiske fangar etter internasjonalt press, og etter at USA fjerna Nicolás Maduro frå makta.
Berre nokre timar etter lauslatinga blei han fanga av væpna menn i sivile klede i Caracas, ifølge Machado, og sonen hans beskriv det som eit «kidnappingstilfelle».
Regjeringa hevdar at han ikkje overheldt vilkåra for lauslatinga.
Dei har bede ein domstol om å omgjere den og sette han under husarrest. Det framleis er uklart om han faktisk sit i husarrest eller er heldt et anna stad.
Publisert 09.02.2026, kl. 23.54 Oppdatert 10.02.2026, kl. 00.34









English (US)