Sløkker tørsten i varmen: – Har nok drukke litt kvar dag no

1 week ago 8


– Varmt vêr betyr grøne tal. Det likar vi, seier Lauritz Aass, dagleg leiar i bryggeriet med same namn.

Så langt i juli har Ringnes eit volum som er på lik linje med salet i fjor. Når sola skin tappar dei meir.

– I ei normalveke køyrer vi ut om lag 8 millionar liter drikke i veka. No som det er høg­seseong kan me koma opp mot 12 millionar liter drikke per veke, seier Johanna Ellefsen Rostad, kommunikasjonsdirektør i Ringnes.

Det er ein auke på 50 prosent.

Noria Hovden drikker en pils

Dei tre største bryggeria i Noreg seier at salet aukar med fint vêr.

Foto: Victoria Cicely Dørheim Ho-Yen / NRK

Hansa seier dei først har klart salstala i august, men at sommaren så langt lovar godt.

– Takka vere det nydelege vêret opplever vi godt sal både i uteliv og daglegvare denne sommaren, seier kommunikasjonssjef Stina Kildedal-Johannessen.

Sol og utepils

– Eg held meg på rundt fire einingar. Eg har nok drukke litt kvar dag no som det har vore så fint vêr. I tillegg er det jo sommar­ferie, seier Dorthea Solem (21), og held fram:

Eg hadde ikkje drukke like mykje om det var kvardag.

Dorthea Solem

Foto: Victoria Cicely Dørheim Ho-Yen / NRK

Saman med veninna Noria Hovden (21), som er på besøk frå Kirkenes, nyt dei ein pils på Grünerløkka i Oslo.

– Det er ikkje så mange stader å «pilsa» i Kirkenes. Då blir det heller ein øl på terrassen, seier Hovden.

Noria Hovden smiler mens hun har en pils i hånda

Foto: Victoria Cicely Dørheim Ho-Yen / NRK

Rostad i Ringnes fortel at særleg salet for ute­stadane har auka i sommar.

– Gode temperaturar kombinert med eit godt tilsig av gjester frå både inn- og utland bidreg godt her, tippar ho.

Også Aass bryggeri har auka salet til utelivs­bransjen.

– I daglegvare­marknaden har vi ein auke på rundt 8 prosent samanlikna med sommar­månadane i fjor. På serverings­marknaden ligg vi opp mot 13 prosent auke, seier Aass.

Alkohol­fritt har blitt meir populært

– Det går i vatn og øl! Mest vatn. Ein treng det også. Går eg for lenge utan blir eg doven, seier Solem på Grünerløkka.

Det er god fart på øl­salet i varmen. Brus­salet svingar mindre med temperaturane. Salet av vatn går som det susar når grade­stokken kryp oppover, seier Rostad i Ringnes.

– Det ser vi også no, seier Rostad.

Lauritz Aass i Aass meiner det har skjedd eit skifte i marknaden – at det stadig blir meir populært med alkoholfri drikke.

– Når det er så varmt som det er no, så vel folk alternativ med lågare alkohol, seier Aass, og legg til at dei har ein vekst på 17 prosent i salet på alkoholfritt øl.

Auka salet med 20 prosent

Daglegvarekjedene opplever også effekten av tørste nordmenn.

– Salstala har følgt termostaten. Varmen har gitt rekordsal av brus, vatn og alkohol, seier Harald Kristiansen, kommunikasjonsdirektør i Coop.

Dei siste vere vekene har salet vatn og brus stige med 19 prosent om ein samanliknar med i fjor. Alkohol med 9 prosent.

Også Rema 1000 seier dei opplever at mange kjem for å sløkka tørsten i varmen.

– Totalt har vi selt 25 prosent meir brus og mineralvatn mot same periode i fjor, seier Line Aarnes, kategori- og innkjøpsdirektør.

en hylle med drikkevarer på flaske

Rema 1000 har selt brussalet med 25 prosent.

Foto: Rodrigo Freitas / NTB

Ho fortel at dei òg har ein auke i salet av alkohol, men at dei merkar størst vekst i salet av alkoholfrie alternativ.

– Dei alkoholfrie alternativa har hatt ein særleg vekst på rundt 55 prosent, seier ho.

NRK har også vore i kontakt med Norgesgruppen, som så langt ikkje har svart på førespurnaden.

Publisert 23.07.2025, kl. 18.51 Oppdatert 24.07.2025, kl. 10.12

Read Entire Article