15-åringen elskar å jobbe med dyr, så å søke seg til ei utdanning innan naturbruk kjentest naturleg.
Og sidan ho bur på Tretten i Innlandet, ville ho gå på Lena-Valle vidaregåande skule i same fylke fordi dei har eige internat.
Men lykka var kort då 15-åringen fekk vite ho kom inn på draumestudiet. For etter nesten to veker utan nokon informasjon om internatplass, tok ho sjølv kontakt.
– Så sender eg til slutt ein e-post, og får beskjed om at det har skjedd ein feil eg er ein del av. Dei har mista søknaden min, og eg fekk dessverre ikkje rom.
Elisabeth Furuhaugen Sletten er ikkje aleine. Søknaden til ti andre har også forsvunne, ifølge rektor på skulen, som beklagar djupt.
15-åringen fortel dei i det siste har vore fleire timar om dagen på å leite etter hybel, og at situasjonen stressar henne. Her med mor Rita Furuhaugen.
Foto: Aleksandr Nedbaev / NRK- Mille (15) endra skuleplanane: – Å pendle ville øydelagt fritida mi
– Dårleg gjort
No leitar 15-åringen etter hybel, men seier situasjonen er fortvilande.
– I og med at vi fekk svar så seint, er det veldig vanskeleg
Ho kjempar om beinet med andre elevar som fekk vite at dei ikkje fekk internatplass lenge før henne. Og å søke andre skular, er litt for seint no og, fryktar ho.
15-åringen søkte, og fekk kvittering på søknaden 11. februar 2025.
Foto: SkjermdumpHo seier det å ta buss ikkje er aktuelt. Det er 90 kilometer mellom heimstaden og studieplassen.
– Eg kan ikkje bruke frå fem om morgonen til halv sju om kvelden. Eg har lekser og eg må ete, det går ikkje. Det fungerer ikkje eit heilt år.
Ho er svært kritisk til administrasjonen på skulen, som ikkje sa noko før ho sjølv tok kontakt:
– Korleis kan dei som har eit stort ansvar for så mange unge som flyttar heimanfrå, gjere så store feil og ikkje bry seg nok til å gjere noko med det?
Det var Gudbrandsdølen Dagningen som først omtalte saka.
- Skulenedleggingane i Innlandet har ført til at endå fleire elevar på vidaregåande må bu langt heimanfrå:
Har ikkje fått hybel
Også sambygdingen Martin Rognstad (17) er ein av dei elleve som er råka av at internatsøknaden har blitt borte frå systemet.
Martin Rognstad seier han ikkje skjønte noko då alle kameratane fekk beskjed om internatplass, men ikkje han. Og at mora måtte ringe for å finne ut at søknaden var forsvunnen.
Foto: Aleksandr Nedbaev / NRKHan har alltid drøymt om å gå på transport og logistikk på Lena. Men då dei andre kompisane fekk svar om internatplass, og ikkje han, vart han uroa.
– Eg syns det var nokså trist når alle andre kameratane mine fekk internat og eg vart ståande att.
Han seier situasjonen pregar han.
– Eg veit ikkje heilt kva eg skal gjere om tre veker.
Også mora, Marianne Rognstad, er fortvila.
– Det var litt sånn – jammen kva gjer vi no?
Ho fortel at dei har ringt alt som er av hyblar, og at alt så å seie er fullt.
Marianne Rognstad går på arbeidsavklaring, og er redd meirutgiftene no som sonen må ut på den private hybelmarknaden.
Foto: Aleksandr Nedbaev / NRKOg så er det meirutgiftene.
Hybel på internat kostar 6000 kroner, inkludert straum og alle måltid.
– Om han skal leige leilegheit, må han betale 6200, pluss straum, kommunale avgifter og mat. Så det blir jo dyrt, seier ho om den siste hybelen dei såg på.
Og med 6100 kroner i stipend går det ikkje opp, slår ho fast. For sjølv om skulen tilbyr at sonen kan få måltida ved internatet, må dei betale for maten.
– Det er ikkje alle foreldre som kan hjelpe til. Ikkje alle har like god inntekt.
- Mathias frå Tretten er Gudbrandsdalens første, katolske prest sidan reformasjonen:
Rektor: – Vi er veldig, veldig leie oss
Heidi Tokstad, rektor ved Lena-Valle vidaregåande skule, seier at skulen alltid har hatt fleire søkarar enn dei har hatt plass til på internatet, men at det er første gong på dei to åra hennar som rektor at søknadar rett og slett har blitt borte.
– Vi forstår at dei er leie seg og frustrerte, og synest det er trist. Det forstår vi absolutt.
Heidi Tokstad, rektor ved Lena-Valle vidaregåande skule, seier at skulen jobbar med å finne ut kva som har skjedd, slik at dei kan forhindre at det skjer igjen.
Foto: PrivatIfølge Tokstad er elleve elevar råka. I ettertid har dei klart å finne fire ekstra plassar.
– Vi skulle gjerne ha tilbydd plass til alle som må bu borte, men vi har dei plassane vi har.
Resten av elevane må, som elevane som elles får avslag på internatplass, ut på den private marknaden.
– Vi tipsar om kven som leiger ut, men vi har ikkje oversikt over kor mange som har ledige hyblar. Og vi følger opp elevane, dei får middagsavtale, tilbod om sosiale aktivitetar og nokon å snakke med frå oss òg.
Om kritikken frå Furuhaugen Sletten, seier ho at skulen tar ansvar, og undersøker kva som kan ha skjedd.
– Feil kan dessverre skje, og vi gjer det vi kan for å finne ut kva som har skjedd for å unngå feil i framtida. Vi håpar dei klarer å få hybel, slik som andre som ikkje har fått internatplass, seier rektoren.
Publisert 23.07.2025, kl. 17.02