– Eg føler eg svik landet mitt litt, ler Teo Tomczuk.
Han skal konkurrere om å representere Polen i den internasjonale songkonkurransen Eurovision, med låta «Immortal».
Teo er oppvaksen i den vesle øykommunen Solund i Ytre Sogn, men begge foreldra er frå Polen.
Vegen frå Solund til Polen var difor ikkje lang.
Mange kjenner han frå NRK-serien «Rykter», og i fjor debuterte han på Den Nationale Scene i Bergen. Under artistnamnet Teo, har han over 300 000 avspelingar på Spotify.
Teo Tomczuk har spelt karakteren Mathias i NRK-serien «rykte».
Foto: NRKDraumen var nær å ryke
Låta Teo stiller med er ein kjærleiksballade. Den er produsert i Polen, og han har nyleg fått seg manager der.
Då var det naturleg å prøve seg på musikkonkurransen i foreldra sitt heimland.
Vegen til polsk Eurovision var derimot ikkje like enkel.
Han var ein av ti som skulle delta i finalen, men då den polske kringkastaren fekk vite at han ikkje hadde polsk statsborgarskap, var Eurovision-draumen nær å ryke.
Teo fortel at planen var å skaffe seg polsk statsborgarskap så snart han fylte 18 år. Det er ein prosess som tar tid.
Berre tre veker før finalen fekk han den gode nyheita om at statsborgarskapet var på plass. Den polske kringkastaren var fornøgd, og plassen i finalen var sikra.
– Eg kjem inn litt seint, men eg har eit fantastisk team rundt meg, så det går veldig bra.
No håpar han å vinne polske hjarte på sjølvaste Valentinsdagen 14 februar.
Teo på den polske radiostasjonen Grupa RMF, som er den mest lytta til stasjonen i Polen.
Foto: PrivatFleire nordmenn til topps
Men han er ikkje den einaste norske artisten eller låtskrivar, som prøver å nå heilt til topps for andre land.
Programleiar og kommentator Marte Stokstad seier det er fleire nordmenn enn nokosinne før som prøver MGP-lukka utanlands.
Blant anna står tre norske låtskrivarar bak vinnarlåten til Kypros; Elsie Bay, Lasse Nymann og Linda Dalen.
Emmy vann den irske finalen, og skal representere Irland.
Atle Pettersen kjempar om å representere San Marino, og Teo Tomczuk for Polen.
Sistnemnde gjer Eurovision-debut i år.
Dei siste åra har Noreg vore sterkt representert i den internasjonale finalen:
I 2022 representerte Amanda Tenfjord Hellas i finalen i Italia. Ho er norsk-gresk.
Foto: EBU/Corinne CummingI 2024 vann Marcus og Martinus svenske Melodifestivalen, og representerte vertslandet i finalen i Malmö.
Foto: Linda Marie Vedeler / NRKTo norske låtskrivarar, Lasse Midtsian Nymann og Linda Dale, stod bak vinnarlåta til Nemo som sikra Sveits sigeren i fjor.
Foto: Leonhard Foeger / Leonhard Foeger / Reuters / NTB
Stokstad synest det er veldig stas å sjå norske artistar og låtskrivarar gjere det bra utanfor Noreg.
– Dette er gøy! Svenske låtskrivarar har lenge prega konkurransen, så det er på tide at flinke folk frå Noreg også spreier seg.
Ho har likevel eit stort men å tilføye.
– Dei må hugse på å skrive hits for Noreg også!
Ho håpar Teo vil sjå heimover neste gong, og prøve seg i MGP.
Oppfordringa frå Stokstad tar han på strak arm.
– No har eg jo statsborgarskap på alle frontar, så det kan vi fikse.
Marte Stokstad er både programleiar og kommentator i årets Melodi Grand Prix og Eurovision.
Foto: Celina Øier / Celina Oier– Hadde vore heilt spektakulært
Jon Ola Sand i NRK har jobba med Eurovision for EBU i mange år. Han forklarer at det er opp til kvar enkelt kringkastar å bestemme reglane for sine deltakarar. Det er ikkje alle som stiller krav om statsborgarskap.
NRK og SVT har til dømes ikkje slike reglar.
Han er positiv til at artistar prøver seg for andre land, og heiar på norske artistar som søker moglegheiter der dei finst.
– Eg er stolt av alle norske artistar som er ute og prøver. Då kan vi heie litt ekstra på dei dersom Noreg ikkje skulle gå vidare til finalen.
Jon Ola Sand var sjef for Eurovision Song Contest i mange år.
Foto: Thomas HansesTanken på å gå heilt til topps er stort for Teo.
– Det hadde jo vore heilt spektakulært. Eg hadde idol frå Eurovision då eg var liten, og tenk så fantastisk om folk kan ha meg som eit idol også!
Morten Thomassen, president i den norske Grand Prix-klubben trur den polske kringkastaren må ha trua på Teo, sidan han kom med i siste liten.
– Det er spesielt at han kom med så seint. Det er ei fin låt, og eg likte den med ein gong. Han er ung og fresh, så om dei er i balladehumør kan han gå heile vegen.
Finalen i Eurovision 2025 går av stabelen i Sveits 17. mai, og då kan Noreg pryde seg med fleire nordmenn på scena, og endå fleire i artistgropa.
Publisert 09.02.2025, kl. 18.05 Oppdatert 09.02.2025, kl. 18.57