Warning: session_start(): open(/home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions/sess_762673802b28e216b1c38c4a1f44de2a, O_RDWR) failed: No space left on device (28) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59

Warning: session_start(): Failed to read session data: files (path: /home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59
Sommarfinale før skulestart - NorwayToday

Sommarfinale før skulestart

15 hours ago 4


Den siste tida har det vore kjøligare etter fleire veker med varme i landet.

Men allereie søndag er det venta sol og kring 20 grader mange stader på Austlandet.

Frå bading til sykling til fotballskule, i Oslo snakka NRK med fleire som skal nyte dei siste sommardagane finvêret som er spådd neste veke.

Ved vatnet smiler Karoline og storebroren etter ein dukkert.

– Det var veldig varmt vatn og veldig deilig, seier ho.

Ho skal begynne i andre klasse på Slemdal skule, og gler seg til skulestart, men innrømmer at lekser kan vere kjedeleg.

En gutt og en jente som sitter på en liten brygge foran en innsjø

To blide søsken etter ein dukkert.

Foto: Fathia Mahmoud Farah / NRK

Nyt varmen dei siste feriedagane

Den siste veka før skulestart har ho ingen store planar, men seier ho håpar at det blir meir bading.

Storebror Carl Erik er også nøgd med vêret.

– Vêret er veldig fint og deilig, eigentleg. Og så er det veldig varmt, seier han, og håpar det ikkje blir regn. Han skal vere på AKS, der det er ulike aktivitetar.

Vi møtte òg den tyske studenten Linus som like godt tok ein backflipp før han hoppa i vatnet.

For Steinar Raknes blir veka ei blanding av jobb og familie.

– Eg skal vel opp hit ein del, og så er det fotballskule for minstemann. Då skal eg bort og sjå litt på han, og elles skal eg jobbe litt.

Med var også familiehunden Sonja som fekk kjøle seg ned i vatnet.

en hund i vannet

Familiehunden til Steinar Raknes måtte i vatnet to gonger.

Foto: Fathia Mahmoud Farah / NRK

Rebecca Gleditsch skal også jobbe mesteparten av veka, men prøver å finne tid til turar.

– Vi vaksne skal jobbe, og han her skal i barnehagen. Eldstemann kan vere med på hytta til foreldra mine – han skal nok bade og kose seg i sola, seier ho.

Denne dagen har familien sykla frå Hovseter til Sognsvann, og vurderer å halde fram til Ullevålseter.

– Det er fint å få utnytta den siste ferieveka.

en person som holder et barn

Rebecca Gleditsch og yngstesonen. Etter maten gjekk turen vidare til Ullevålseter med mann og eldsteson Oscar.

Foto: Fathia Mahmoud Farah / NRK

Varmt i sør, men kjøligare i nord

– Neste veke vil eit høgtrykk kome inn over Sør-Sverige. Det vil sør- og austlendingane nyte godt av. Då blir det temperaturar opp mot 25 grader og mykje sol, seier meteorolog Kristian Gislefoss.

I Trøndelag og Nord-Noreg vil lågtrykk dominere, med regnbyer, skyer og temperaturar nede på 14–15 grader.

– Men enkelte dagar vil det og vere fint både på Vestlandet og i Nord-Noreg, legg han til.

Han forklarar at varmen i sør kjem frå Aust-Europa.

Kristian Gislefoss i dress som smiler

Foto: Ingrid Bjørndal Farestvedt / NRK

– Høgtrykket trekkjer inn over sørlege delar av Sverige og dreg med seg varme frå Aust-Europa. Når det plasserer seg slik, er det Sørlandet og Austlandet som får temperaturar opp mot 25 grader.

Ifølgje Gislefoss er det ikkje uvanleg med varme dagar i august.

– August er ein sommar­månad. Temperaturen har jo lege over 20 grader mange dagar i sommar, seier han.

Likevel blir det ikkje som hetebølgja tidlegare i sommar.

– Det stoppar nok rundt 25 grader. Det blir nok makstemperaturen denne gongen.

Publisert 09.08.2025, kl. 16.33 Oppdatert 09.08.2025, kl. 16.42

Read Entire Article