Sopp­sesongen er i gang: Åtvarar spesielt mot éin type sopp

10 hours ago 5


Med høge temperaturar har det vore ganske tørt rundt om i landet i sommar, men dei siste vekene har vi fått det nokon vil kalle eit etterlengta regn.

For fuktig skog betyr starten på soppsesongen, for mange.

Men før ein tar med soppkorga ut i skogen, kjem Giftinformasjonen med ei åtvaring. For i fjor blei mange forgifta av farlege sopp.

– Vi ønskjer å gjere folk merksame på at det finst giftige sopp i skogen, som kan gi varige skadar på lever og nyre. Ein må ha nødvendig kunnskap om sopp før ein gir seg ut på sopptur, seier Charlotte Ulstad ved Giftinformasjonen hos Folkehelseinstituttet (FHI).

Kantareller i en kurv

Fuktig skog etter regn skaper gode forhold for kantarellen.

Foto: Julia Muggerud / NRK

Fleire innlagde på sjukehus

Det var eit godt soppår som førte til mange forgiftingar. Fleire av førespurnadene Giftinformasjonen fekk gjaldt ufarlege inntak. Men i 19 av tilfella var det personar som blei innlagde på sjukehus med fare for moderat eller alvorleg forgifting.

en kvinne som smiler til kameraet

Charlotte Ulstad ved Giftinformasjonen fortel at mange blei forgifta av sopp i fjor.

Foto: NRK

– Dei fleste åra ligg på rundt ti kvart år, så det er ein del fleire enn snittet, seier Ulstad.

Det var ulike soppartar som blei etne, men Giftinformasjonen retter stor bekymring mot særleg éin sopptyppe. I fjor stod giftslørsopp for rundt halvparten av innleggingane.

Reveraud og eggeplommegul

– Det er berre å kome seg ut i skogen og leite etter sopp!

Det seier soppsakkunnig Oscar Nordbø i Norges sopp- og nyttevekstforbund (NSNF). Han trur regnet fleire stader vil få kantarellane til å vekse raskt.

Oscar Nordbø holder en sopp og smiler

Norbø meiner det berre er å komme seg ut i skogen for å leite etter sopp.

Foto: Julia Muggerud / NRK

Men korleis kan ein sjå forskjell på den farlege giftslørsoppen og kantarellen?

Nordbø fortel at forskjellen ligg hovudsakleg i fargen.

Giftslørsoppen har ein meir brunostliknande eller reveraud farge. Fargen på kantarellen er meir som eggeplomme eller appelsingul.

I tillegg har giftslørsoppen skiver under hatten av soppen, medan kantarellen har ribber.

en person som holder en giftslørsopp
kantarell

Mange forvekslar desse to sopptypane. Forskjellen ligg mykje i fargen. Giftslørsoppen er meir reveraud og kantarellen er appelsingul.

Det veks også andre farlege soppar i skogen. Som hovudregel bør ein halde seg unna soppar som er kvite på hatten, skivene og stilken, i tillegg til soppar som er brune på dei same stadene.

Soppsjekk

Giftinformasjonen oppfordrar alle som skal på sopptur til å få god oversikt over matsoppane og dei giftige soppane. Om ein er uheldig og får i seg ein giftig sopp, er det fleire symptom ein kan sjå etter.

– Når ein har dei farlegaste soppane, som spiss og butt giftslørsopp, så kan symptoma komme etter mange dagar. Det startar med magesmerter, oppkast, diaré, generelt dårleg form, og etter kvart kan ein få nyresvikt, fortel Ulstad.

Dersom ein mistenker at ein har fått i seg giftig sopp, ta kontakt med Giftinformasjon eller lege.

Men er ein usikker på om soppen ein plukkar er giftig, så er både Ulstad og Nordbø klar på at ein bør sjekke ut om det er ein fysisk soppkontroll nær deg, eller laste ned appen som heiter digital soppkontroll.

Ella Grorud er utdanna soppkontrollør og forklarer korleis den digitale soppkontrollen fungerer.

Publisert 12.08.2025, kl. 06.57

Read Entire Article