– Det er jo heilt forferdeleg, fordi ein spring jo på ein måte i ein konstant sving.
Det seier influensar Oliver Bergset dagen etter rundkøyringspåfunnet.
Saman med influensarkollega og venninne, Hedda Schroeter Skaug, sprang han 21,1 kilometer rundt og rundt i rundkøyringa på Arno Bergs plass i Oslo. Totalt omkring 300 rundar på rundt 70 meter – som dei to brukte to timar og ti minutt på.
– Det tærer jo veldig på anklane, og så kjente eg det godt i knea mine. Det er det verste underlaget ein kan springe på. Det hjelpte for beina å svinge andre veg, så vi snudde kvar femte kilometer, seier han.
Likevel var ikkje smertene det verste med løpinga.
«Sjå den tullingen»
Bergset og Skaug starta løpinga i åttetida tysdag morgon. Dei trudde dei var lure som starta tidleg for å unngå trafikk.
– Det var vi ikkje. Det var jo da alle skulle køyre til jobb. For min del var det verste at det var griseflautt at bilar køyrde forbi og sikkert tenkte: «sjå den tullingen som spring der», seier Bergset.
GODT TRENT: – Eg skal ikkje snakke ned denne forma om dagen, seier Bergset. 24 timar etter påfunnet vurderte han ei ny treningsøkt.
Foto: PrivatÅ springe tidleg på morgonen baud også på andre utfordringar, fortel han:
– Eg hadde ikkje gått på dass før løpet, så etter fem kilometer måtte eg stoppe for å finne næraste kafé. Og det er ikkje det enklaste i Oslo, å finne ein kafé med tilgjengeleg dass. Så eg brukte litt tid på å vere på ordentleg toalettjakt.
Venninna derimot, opplevde løpeturen som nokså problemfri.
– Skal eg vere heilt ærleg, så synest eg ikkje det var så ille. Det skjedde mykje rundt oss, så vi kunne sjå på folk, seier Skaug, som blant anna er kjent frå TV-programmet Noregs Tøffaste på NRK.
NUMMER 3: Skaug blei Noregs tøffaste kvinne da ho kom på tredjeplass i sesong 5.
Foto: Erlend Laanke Solbu/NRK / Erlend Lånke SolbuTV-personlegdommen deler treningsinnhald på sosiale medium, og seier ho liker å presse seg sjølv både fysisk og psykisk.
– Eg hadde sikkert klart ein heil maraton i den rundkøyringa, om eg hadde tatt litt pausar. Anklane får køyrt seg ganske greitt når ein svingar heile tida, seier Skaug.
Neste utfordring
Freistar det å springe eit halvmaraton i ei rundkøyring? Det vil Bergset ikkje anbefale.
– Nei, det må folk unngå. Først og fremst må ein ha litt respekt for trafikken. Vi strekker oss litt vel langt for å lage innhald. Spring heller på ei tredemølle, eller på ein løpebane om du har lyst til å springe i sirklar, seier han.
SPONTANT: Skaug trong ikkje å bli overtalt da kompisen spurde om ho ville vere med på løpetur i ei rundkøyring.
Foto: PrivatVonde anklar, kne, flausar og toalettjakt. Da skulle ein vel tru at influensaren gir seg mens leiken er god?
– Nei da. Sjåarane bestemmer neste utfordring. Kanskje halvmaraton på danskebåten hadde vore noko, spøker Bergset med ein alvorleg undertone.
Han understrekar at det må vere innanfor rimelege grenser, kva nå enn det skal bety i denne samanhengen.
Innhaldsskaparen legg heller ikkje skjul på kva som er motivasjonen bak å springe på spesielle stader.
– Det er jo ikkje for mi eiga skuld, det er for å lage godt innhald til sjåarane mine. Og så kan eg like så gjerne trene i same slengen, seier Bergset, som håpar han får med seg venninna også neste gong.
Og Skaug er ikkje vondt å be:
– Eg er med, så lenge eg ikkje blir skadd! Eg liker å utfordre meg sjølv.
Har du lyst til å springe halvmaraton i ei rundkøyring?
Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.
Publisert 20.08.2025, kl. 16.43