Stadig meir tipsing: – Eg føler litt press

3 hours ago 2


Du står i baren og skal bestille. Det er ein travelt kveld, og fleire står i kø bak deg.

I det du skal betale, lyser det mot deg:

«Vel tips: 5, 10 eller 20 prosent.»

Lengst nede står valet «no tip» i ein annan farge, som gjer knappen mindre synleg.

Hva vil du tipse? Er et spørsmål som dukker opp oftere og oftere på betalingsterminaler.

«Vel tips»

Foto: Benjamin Dyrdal / NRK

– Eg føler litt press når dei prosentane kjem opp og eg aktivt må trykke ingen tips eller velje ein prosent, seier Jørgen Berg.

Han og kompisen Terje Roland er ute på bar i Oslo.

– Kva gjer du då da?

– Eg blir fort stressa og trykker 5 prosent tips, seier han.

– Det spørst litt kor godt dei følgjer med. Viss bartenderen følgjer med, så er det fort gjort at eg gir litt tips, ja, seier Roland.

Norske bedrifter registrerer stadig meir tips. I år ligg vi an til å runde éin milliard kroner for fyrste gong.

Pengane skal gå til dei tilsette. Sidan 2019 har bedriftene hatt plikt om å rapportere, trekke skatt og betale arbeidsgjevaravgift for tipsen.

– Det er ein uting

– Det står jo ofte med ganske store bokstavar kor mykje du kan tipse. Så det har blitt litt meir sosialt vrient å ikkje gi tips, seier professor i sosiologi, Christer Thrane, ved Handelshøgskolen Innlandet.

– Tips er ikkje obligatorisk i Noreg. Du skal ikkje tipse, men du kan tipse dersom du har fått ein service som er utover det du normalt kan krevje.

Christer Thrane, professor ved Høgskolen i Innlandet. Har forsket på hjemmebanefordelen i norsk ishockey.

Professor i sosiologi ved Universitetet i Innlandet, Christer Thrane.

Foto: Lars Erik Skrefsrud

Han trur ein del av auken er på grunn av dei nye betalingsterminalane, i tillegg til meir turisme og påverking frå andre kulturar.

– Eg er litt bekymra over at vi ser stadig fleire kortautomatar der bedriftene spør om tips på førehand. Du har jo ikkje fått ei oppleving enda som du veit fortener ekstra merksemd, seier Thrane.

Bestillingsskjerm der du kan velje å betale tips

Mange stader må du bestille maten på ein skjerm, hente den sjølv og du får spørsmål om tips i det du bestiller.

Foto: Per-Ivar Kvalsvik / NRK

På sikt trur han meir tips kan gå ut over lønna til dei tilsette.

– Dersom ein arbeidsgjevar veit at det blir meir og meir tips, så er det lett å sjå føre seg at dei vil tenke at den faste lønna kan gå ned, seier Thrane.

Kai Victor Myrnes-Hansen, professor i restaurantleiing og måltidsleiing, trur folk helst vil sleppe å tipse på førehand.

– Det er ein uting. Du må få lov til å smake på maten og oppleve servicen. Denne endringa er eit psykologisk spel dei driv med. Særleg når du ser at knappen for å ikkje tipse er veldig nedtona, seier han.

– Ikkje moglegheit til å spørje i etterkant

Bransjeleiar for reiseliv i Virke, Geir Vik, seier det stort sett er praktiske årsaker til å spørje om tips på førehand.

– Vi er digitale. Det er gjerne ikkje moglegheit til å spørje kunden i etterkant, slik som før då vi betalte kontant, seier Vik.

– Det jo vanskeleg å vite kva du skal tipse før du har smakt på maten eller sett vara?

– Det vil det sjølvsagt vere. Men eg vil tru dei aller fleste verksemder ønskjer å gi kunden ei god oppleving og ei god vare.

en mann som står foran en bussholdeplass

Bransjeleiar for reiseliv i Virke, Geir Vik.

Foto: Per-Ivar Kvalsvik / NRK

Vik er tydeleg på at dei ikkje vil ha ei utvikling der tipsen går utover lønna.

– Virke arbeidar for eit trygt og godt arbeidsliv der alle tilsette får ei lønn dei kan leve av gjennom tariffavtalar, seier Vik.

Publisert 20.10.2025, kl. 22.39

Read Entire Article