Stein­massar truar familie­gard: – Det er heilt vanvittig

15 hours ago 7


I Kåfjord i Troms er fjella høge – og tidvis farlege.

Det fekk familien Myrvold oppleve tett på fredag. Massar frå fleire store steinskred kom farleg nær geitegarden dei driv.

– Det er store steinmassar som kjem imot garden til gamlingan, seier Roger Myrvold på klingande Kåfjord-mål til NRK.

Gamlingane i dette tilfellet er foreldra hans Siv Nina og Roar Myrvoll som har rundt 200 geiter på garden.

Steinar frå skredet trefte berre om lag 20 meter frå geitefjøsen.

Ifølgje Myrvold har det kome minst tre store skred i løpet av dagen. Mor hans kontakta NVE tidleg på morgonen, bekymra for tryggleiken.

– Det kom steinsprang heile dagen, seier Myrvold.

Natt til laurdag held bygdefolket auge med fjellsida, seks bustadhus er evakuerte.

For familien Myrvold er det ikkje første gongen skreda har kome så nært.

For nokre år sidan måtte dei sende alle geitene på slakt fordi steinmassane truga garden.

No har dei klart å bygge opp att bestanden av geiter.

– Dei har lagt heile livet sitt i den garden. Å sjå at det skjer igjen, det er heilt forferdeleg.

Han meiner dei burde vore evakuerte for lenge sidan.

– Når du ser at det går skred 20 meter unna fjøsen, og du veit at dei er inne der og mjlker dyra, då veit du at det ikkje er bra, seier Roger Myrvold.

– Korleis har foreldra dine det no?

– Gamlingen sjølv er roleg som skjæra på tunet, uansett kva som skjer. Men mamma er livredd. Eg skjønar det godt.

Til VG seier Anders Bjordal i NVE at det har gått fire store og fleire mindre steinsprang.

– Det smell og dundrar og det er mykje støy. Vi ventar at det vil halde fram, seier Bjordal.

Publisert 02.08.2025, kl. 01.40 Oppdatert 02.08.2025, kl. 02.33

Read Entire Article