Det har gått eit steinras mellom Hovdetunnelen og Kvernhaugstunnelen på Fylkesveg 55 mellom Høyanger og Vadheim,.
Det skal vere snakk om steinar på storleik med bilar.
– Vi har stengd tunnelane på kvar side av raset. Meldingane vi har fått tilseier at det er snakk om ganske store steinar, seier trafikkoperatør Rolf Einar Vågheim i Statens vegvesen.
Raset gjekk i 15-tida laurdag ettermiddag.
Det er ikkje meldt at bilar eller personar er tekne.
Fjellet som rasa er kjent for å vere rasutsett, ifølge byggeleiar Skule Jacobsen i Vestland fylkeskommune
Vegen er stengd, og det er usikkert kor lenge vegen vil blir stengd.
Ifølge byggeleiar i Vestland Fylkeskommune Skule Jacobsen vil dei gjere ein ny vurdering i morgon klokka 12.
– Raset har gått igjennom ei steinur. Den er litt uroleg etter at det har falle ned så mykje stein i den, seier han.
Jacobsen legg til at raset har gått på eit rasutsett fjell.
Ingen gode omkøyringsmoglegheiter
Ordførar i Høyanger kommune Petter Sortland seier at dei har fått sett inn ein båt som går forbi rasstaden, slik at dei som jobbar på Hydro og i helse- og omsorgstenesta kjem seg til å frå jobb.
– Det er veldig problematisk at vegen er stengd, då ein må køyre ein forferdeleg lang omveg for å komme rundt.
Tilrådd omkøyring er via FV55 Høyanger-Hella, RV13 Hella-Sogndal, RV5 Sogndal-Skei, E39 Skei-Vadheim.
Eit stort ras har gått mellom Høyanger og Vadheim i Sogn.
Foto: BrannvesenDesse omkøyringsrutene tar fleire timar ekstra.
Ifølge BKK var 370 kundar i Høyangerområdet utan straum etter raset.
Litt før klokka 17.30 meldte kommunikasjonssjef i BKK Kristina Kollerud Austrheim at straumen var tilbake hos alle kundane.
Publisert 08.03.2025, kl. 19.55 Oppdatert 08.03.2025, kl. 20.09