– Du kjenner på at samfunnet, og i dette tilfellet Olympiatoppen, ikkje er bygd for at du skal vere der på lik linje med alle andre.
Jesper Saltvik Pedersen har vunne gull i VM og i Paralympics. Han veit kva som skal til for å vere ein av dei beste i verda.
No kjenner han at det beste norsk toppidrett har å tilby står i vegen for å halde han der.
– Ikkje risikofritt
NRK møter den norske stjerna på Olympiatoppen i Oslo. På veg til styrkerommet må han ned ei trapp.
– Eg må kikke meg veldig godt rundt for å sjå om det er nokon som har tenkt seg opp eller ned i løpet av dei neste fem minutta. Så du kjenner deg litt i vegen, seier Jesper Saltvik Pedersen og fortset:
– Når eg skal ned, tar eg ofte sjølv den raske vegen og rullar baklengs med rullestolen. Det er ikkje risikofritt heller. Men det gjer at eg er minst mogleg i vegen, da. Og det er ei dum kjensle å måtte gå med.
Og kjenslene blir ikkje betre når han skal ta heisen opp igjen. Toppidrettssenteret på Sognsvann i Oslo er 40 år gammalt. Bygd i ei tid der paraidrett ikkje var anerkjent, ifølge Saltvik Pedersen.
Her er nokre av dei største utfordringane, ifølge Pedersen:
Anders Engeland / NRK
Trappa er første hinder
Rullestolheisen i trappa ned til styrkerommet gjer det vanskeleg for rullestolbrukarar, ifølgje Pedersen.
– Eg kan kjenna på at eg er i vegen når den doningen må opp og ned, seier han.
Anders Engeland / NRK
Kjem ikkje fram til apparata
Toppidrettsenteret er trongt. Treningsapparata er på ulike nivå. I tillegg er det vanskeleg å kome fram med rullestol, ifølgje Pedersen.
Anders Engeland / NRK
Manglar tilpassa utstyr
Det er ikkje tilstrekkeleg plass til treningsutstyr som er tilpassa utøvarar med funksjonsnedsetjingar, som Pedersen brukar her. Det kan føre til at utøvarar trenar andre stadar, meiner han.
Pedersen får støtte av Karsten Warholm – ein av toppidrettsutøvarane som ofte vel ein annan stad å trene enn på Olympiatoppen.
– At dette er flaggskipet vårt, det står ikkje i stil med dei prestasjonane vi har levert, seier Warholm om toppidrettssenteret.
Han peikar på at toppidrettssenteret er utdatert, trongt og rett og slett er eit lappeteppe.
– Tilbodet er relativt smalt i dag også på grunn av plass. Og så har du det bygget vi står i no, som Leif (Alnes) kallar ei permanent kriseløysing, som også burde vore mykje meir integrert i treningsavdelinga som står nede.
REAGERER: Karsten Warholm har sett seg lei på forholda på Olympiatoppen. Her saman med trenar Leif Olav Alnes.
Foto: Håvard Bergheim / NRKTreng over ein milliard kroner
Olympiatoppen har lenge ønskt eit nytt nasjonalt toppidrettssenter og no begynner det å haste. Byggeløyvet går ut i 2027.
Prislappen er på over ein milliard kroner. Ein sum toppidrettssjef, Tore Øvrebø, håpar kan bli finansiert over statsbudsjettet.
– Det er veldig dårlege arbeidsforhold, det er slite, det er trongt, det har for liten kapasitet til å møte framtidas behov, seier Øvrebø.
– Når det skal bli sett opp eit statsbudsjett, så ber vi om at det skal bli sett av tilstrekkeleg med midlar til dette senteret.
– Når må dette inn i budsjettet?
– Det bør vi ha til statsbudsjettet til hausten, slik at vi kan begynne å bygge i 2026, seier Øvrebø.
Toppidrettssjefen meiner dei må ha minst ein halv milliard kroner over statsbudsjettet for at eit nytt anlegg skal bli ein realitet.
Han skjønner kritikken frå Jesper Saltvik Pedersen.
– Det vil krevje mykje ombygging for at det skal bli universelt forma ut etter dei standardane som gjeld i dag. Først må vi bruke mykje pengar på å bygge om, og så vil det gå utover arealet, slik at det blir mindre aktivitetsareal, seier Øvrebø og legg til:
– Vi har hatt eit håp om å få realisert det nye senteret, og prøvd å halde investeringane på eksisterande bygningsmasse på eit fornuftig nivå. Eg forstår godt at Jesper synest det er vanskeleg, og at det ikkje blir opplevd som 100 % truverdig at vi er ein totalintegrert idrett når bygningsmassen ikkje er det, seier Øvrebø.
NYTT SENTER: Denne illustrasjonen viser toppidrettssenteret Tore Øvrebø drøymer om.
Foto: Dyrø & Moen ArkitekterKan ikkje love ein milliard
Totalramma for eit nytt toppidrettssenter vil vere på over ein milliard kroner. For å starte på første spadetak, må mesteparten av pengane komme frå statsbudsjettet.
Kulturminister Lubna Jaffery (Ap) skal besøke toppidrettssenteret i mai. Ho seier dei ikkje kan love noko.
– Noreg treng eit oppgradert toppidrettssenter. Og så er spørsmålet i kva grad vi som stat kan vere med og bidra. Derfor er vi i ein positiv dialog med toppidretten og idrettsforbundet knytt til dette. Eg skal sjølv opp og kikke på senteret og sjå kva behov dei har for oppgradering og oppussing, seier Jaffery til NRK.
Kulturministeren er einig med Pedersen og slår fast at toppidrettssenteret «på ingen måte universelt forma ut».
– Vi har fått tydeleg beskrive korleis det er til hinder for at heile idretten kan ta det i bruk. Det er jo eit av hovudargumenta òg. Så det må bli oppgradert, blir pussa opp og blir bygd, sånn at det kan vere tilgjengeleg for heile idretten. Ikkje berre den delen av idretten som vi allereie har gode føresetnader for å drive idrett.
KULTURMINISTER: Lubna Jaffery erkjenner at Noreg treng eit oppgradert toppidrettssenter.
Foto: Håvard Greger Hagen / NRK– Over ein milliard kroner kan bli brukt til mykje anna enn eit toppidrettssenter, også til barn og unge. Kva tenker du om det?
– Vi bruker mykje pengar på barn og unge i tildeling av spelemidlane, men også over statsbudsjettet har denne regjeringa dei siste åra brukt store pengar på å satse på barn og unge. Det kjem vi til å halde fram med. Det skal på ingen måte gå ut over barn og unge om ein skal bygge eit toppidrettssenter i Noreg, svarer Jaffery.
Må spørje vaktmeisteren om hjelp
Tilbake på Toppidrettssenteret skal Jesper Saltvik Pedersen ta rullestolheisen opp igjen.
– Skal vi sjå om heisen fungerer i dag?, spør han.
Han vrir på nøkkelen til heisen, trykker på ein knapp, slik at rampa kan komme ned til han i kjellaren.
Det er denne delen han alltid kjenner litt på og gruer seg til. Å vere i vegen for andre. Fleire utøvarar stoppar opp ved trappa.
Dei ventar.
– Nei, seier Saltvik Pedersen.
Heisen stoppa opp midt i trappa.
– Dei kan gå opp, seier han og peikar på dei som har venta.
Rullestolheisen står fast
Foto: Jørn TveterDei pressar seg forbi rampa og kjem seg og ut.
– Det er noko som skjer med jamne mellomrom. Eg må rulle rundt og sjå om vaktmeisteren er på jobb, for å prøve å få nokon til å hjelpe og få gang på den. Det er eit usikkerheitsmoment, rett og slett, som eg synest norsk toppidrett burde vore forutan, seier han.
Rullestolheisen kjem til slutt ned, men Saltvik Pedersen veit med seg sjølv:
– Ein kjenner seg litt i vegen når ting ikkje fungerer heilt.
Publisert 30.04.2025, kl. 18.36