Storbritannia testar digital leggetid for barn – Noreg følgjer med

12 hours ago 6


– Eg er oppteken av at me må styrkja det europeiske samarbeidet for ei aldersgrense for sosiale medium, seier barne- og familieminister Lene Vågslid (Ap).

Ho var nyleg London i Storbritannia. Der var ho for å møte den britiske digitaliseringsministeren Kanishka Narayan. Eit av temaa er skjermtid og sosiale mediebruk blant barn og unge.

Mellom anna diskuterte dei eit eksperiment britiske myndigheiter skal utføre på fleire hundre familiar.

– Me står midt i vår tids største sosiale og kulturelle utfordringar. Me kan ikkje la algoritmar og tek-gigantar styra barndommen. Men me klarer ikkje å løysa det med nasjonale tiltak åleine. Me må jobba saman internasjonalt, seier Vågslid.

Den britiske digitaliseringsministeren Kanishka Narayan og Lene Vågslid poserer sammen på et bilde. I bakgrunnen ser man et britisk flagg.

Den britiske digitaliseringsministeren Kanishka Narayan og barne- og familieminister Lene Vågslid

Foto: Barne- og familiedepartementet

Digitalt portforbod

Heime hos 300 tenåringar i Storbritannia vil kvardagen kanskje sjå litt annleis ut den neste tida.

Som del av eit eksperiment leidde av den britiske staten skal blant anna digital leggetid og tidsavgrensingar på sosiale medium bli testa ut, skriv fleire britiske medium, blant anna BBC.

– Dette vil gi oss kunnskap til å ta vidare grep. Det skal vere opplyst av erfaringar frå familiane sjølv, seier Liz Kendall.

Ho er statssekretær i departementet for vitskap, innovasjon og teknologi i Storbritannia.

– Det er spennande at dei vil prøva ut ulike tiltak. Me kjem til å snakka med britane igjen etter at prosjektet er avslutta, for å få høyra om erfaringane, seier Vågslid.

Fire grupper

Dei 300 familiane med barn mellom 12 og 15 år skal delast inn i fire grupper:

  • Forbod: Ei foreldregruppe vil få bruke foreldrekontroll for å fjerne tilgangen til utvalde sosiale medium. Altså i praksis eit nasjonalt forbod i heimen.
  • Ein time: Ei gruppe skal innføre ei tidsavgrensing på éin time per dag for dei mest bruke sosiale medie-appane. Det er appar som TikTok, Instagram og Snapchat.
  • Digital leggetid: Den tredje gruppa skal blokkere sosiale medium for barna sine mellom klokka 21 og klokka 7. Dei beheld dei tilgangen før og etter skoletid.
  • Som før: Den siste gruppa vil la barna halde fram med den same tilgangen til sosiale medium som dei har i dag. Desse vil da fungere som ei såkalla kontrollgruppe.

Eksperimentet skal vare i seks veker. Både tenåringane og foreldra vil bli intervjua i forkant og etterkant av perioden. Det for å høyre om det har hatt nokon effekt på familielivet, sovn og skolearbeid.

– Vi manglar i dag kunnskap om korleis ulike typar av avgrensingar på sosiale medium fungerer i praksis, seier psykologiprofessor Amy Orben i ei pressemelding.

Fleire ser på aldersgrenser

Storbritannia er eit av fleire land som ser på ulike måtar å avgrense skjermtid og bruken av sosiale medium blant barn og ungdom.

Australia har sidan nyttår hatt eit forbod for barn under 16 år å vere på sosiale medium. Dei er det første landet i verda som innfører ei slik aldersgrense.

Danmark har gjennom EU jobba for eit europeisk forbod mot sosiale medium for barn under 15.

Også i Noreg ønsker regjeringa å innføre 15 års aldersgrense. I fjor sende regjeringa lovforslaget ut på høyring. Dei fekk over 8000 innspel.

– Me er fleire land som jobbar med dette og kan læra mykje av kvarandre, seier Vågslid.

Publisert 28.03.2026, kl. 20.29

Read Entire Article