Måndag var fleire europeiske statsleiarar inviterte til eit hastemøte i Paris om Ukraina og sikkerheita i Europa. Dei nordiske og baltiske landa var representert ved Danmark i dette møtet.
Onsdag ettermiddag samlar Frankrike statsleiarane på nytt. Denne gongen skal også statsminister Jonas Gahr Støre delta på videolink.
– Eg skal seie klart frå norsk side. Bodskapen vår er at det blir ingen fredsdiskusjon om Ukrania utan Ukraina. Dei må sitte ved bordet, det er heilt opplagt, seier Støre til NRK før møtet.
I tillegg er det viktig at Europa klarer å samle seg, og også får ein plass i forhandlingane, seier han.
– Europa må tale mest mogeleg med ei stemme og vere med på samtalane. Dette skjer i Europa, og kjem det ein fred, så er det Europa som gir hovudoppfølginga av korleis den freden kan bli sikra
Reagerer på Trump-utsegn
Natt til onsdag sa USAs president Donald Trump at det var Ukraina som starta krigen mot Russland.
Dette er ein uriktig påstand som har fått mange til å reagere.
Også Støre tek sterk avsttand frå utsegna.
– Det er uriktig. Fordi all følgde det som skjedde morgonen 24. februar 2022. Det var eit angrep frå lufta, frå bakken, med titusenvis av soldatar mot Ukraina. Det veit vi. Til og med russarane kalte det ein spesialoperasjon mot Kyiv.
Publisert 19.02.2025, kl. 15.45 Oppdatert 19.02.2025, kl. 15.53