Støre om VM-skjenking: – Du skal få drikke opp ølen

2 hours ago 2


– Sit du på ein pub eller ser kampen med vener, skal du få sjå kampen ferdig, drikke opp ølen og gjerne kjøpe ein til.

Det seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) til NRK.

Kampar på natta

Han seier regjeringa vil finne ei løysing som gjer det mogleg å sjå Noreg sine VM-kampar om natta.

– Då får vi rette opp i det, seier han.

Landslaget hylles i Oslo.

Bilete frå folkefest på Rådhusplassen etter at herrelandslaget kvalifiserte seg til VM.

Foto: Heiko Junge / NTB

Støre seier detaljane kjem seinare, men at ordninga i alle fall skal gjelde dei norske kampane.

Debatten har kome etter at det norske herrelandslaget kvalifiserte seg til fotball-VM for første gong på 27 år.

Meisterskapen blir arrangert i USA neste sommar, og fleire av kampane blir spelte seint på kvelden eller midt på natta norsk tid.

Det skaper nokre utfordringar opp mot norsk alkohollovgiving, som i dag set grense for skjenking til klokka 03.00.

*FIFA play-off 2: Bolivia, Surinam og Irak. Avgjøres i mars.

– Vi skal sjå på kva som må bli gjort, om det blir regelendringar eller andre tiltak som trengst, sa statsministeren tidlegare i desember.

Sjå Støre uttale seg om VM-skjenking under Politisk Kvarter:

Høgre meiner regjeringa er for vage

Høgre meiner regjeringa framleis er for uklare om kva dei faktisk vil gjere.

– Eg meiner Støre bør seie rett ut at han vil sikre at utestadene kan servere øl etter klokka 03.00. Det er ingen grunn til å mumle rundt dette, seier stortingsrepresentant Erlend Svardal Bøe (H).

Han meiner regjeringa må gjere nødvendige endringar i god tid før fotball-VM, for å unngå problem når kampane skal bli spelt.

En mann i dress spiller med en fotball mens han holder en øl i hånden.

Stortingsrepresentant Erlend Svardal Bøe (H).

Foto: Håkon Benjaminsen / NRK

Også Framstegspartiet har bedt regjeringa vurdere unntak frå alkohollova.

Rusorganisasjon kritisk til opning

Den ruspolitiske organisasjonen IOGT er kritisk til signala frå statsministeren.

– Det er skuffande og alvorleg at statsministeren no opnar for utvida alkoholsal om natta under VM i fotball til sommaren, seier generalsekretær Cecilie Widnes i IOGT.

Widnes meiner ei utviding av skjenketida vil bryte med ein alkoholpolitikk som har fungert godt i mange år, og kallar signala frå regjeringa skuffande.

Hanne Cecilie Widnes

Generalsekretær Cecilie Widnes i IOGT.

Foto: Peter Kuzinski

Ho seier det er alvorleg fordi både forsking og erfaring viser klare samanhengar mellom skjenketider og meir uro, skadar og vald i utelivet.

– Det finst heilt andre og enkle løysingar, til dømes at utestadene kan halde ope utan skjenking til kampane er ferdig spelte, seier ho.

NRK har bedt Helsedirektoratet om ein kommentar om helsekonsekvensar av meir nattleg skjenking i samband med VM-kampar.

Direktoratet ønsker ikkje å svare, og viser til Helse- og omsorgsdepartementet.

Publisert 17.12.2025, kl. 10.36 Oppdatert 17.12.2025, kl. 10.36

Read Entire Article