Støre sin straumplan: Fastprisavtalar på 40 øre/kWh

3 months ago 19


Statsminister Jonas Gahr Støre og energiminister Terje Aasland presenterer følgjande strumgrep no klokka 11:

  • FASTPRIS: Fastprisavtalar på 40 øre/kWh frå 1. oktober som hushaldningane kan inngå.
  • MOMSKUTT: Reduksjon av meirverdiavgifta (momsen) på nettleiga frå 25 prosent til 15 prosent frå 1. juli, med plan om full avvikling i neste stortingsperiode.
  • UTANLANDSKABLAR: Statnett skal ikkje planlegge nye undersjøiske forbindelsar før 2029.
  • NEI TIL EU-REGLAR: Nei til elmarknadsdirektivet og dei fire resterande forordningane i fjerde energimarknadspakke (blant dei det som gir meir makt til energibyrået Acer)
  • NORDISK SAMARBEID: Regjeringa styrkar det nordiske samarbeidet for å sikre stabile og lave kraftprisar.

NRK veit at det vart jobba med detaljane i straumpakka til i natt.

Dette liknar på straumlovnadane Støre kom med på vegner av Arbeidarpartiet (Ap) for berre nokre veker sidan.

Dette var i utgangspunktet lovnader til etter stortingsvalet, men no er nokre av desse blitt skunda fram.

Fastprisgrepet skal vere inspirert av ordninga for bedriftene, som regjeringa meiner har fungert bra.

– Vi legg fram det vi har jobba med no over tid, både i programprosessen vår og i regjering, for å gi enda meir stabile og føreseielege prisar for folk, seier Støre til NRK på morgonkvisten.

Jonas Gahr Støre på Marienlyst etter Senterpartiet sin regjerings-exit.

– Kva drøymde du om i natt? spurte programleiar Bjørn Myklebust. – Eg drøymde om å møte Bjørn Myklebust, sjølvsagt, svarte Støre.

Foto: Håkon Benjaminsen / NRK

Store kostnader

Nokre av grepa er dyre.

Nettleiga er den delen av straumrekninga som går til å betale kostnaden for å transportere straumen fram til huset.

Som på alle andre varer og tenester, er det også meirverdiavgift på den. Det gjer nettleigedelen av rekninga 25 prosent dyrare.

NRK har tidlegare meldt at ein reknar med det kostar staten rundt 3 milliardar kroner i året å droppe denne avgifta på nettleiga.

Det er ein svært stor enkeltpost dersom ein skulle velje å innføre grepet i det reviderte budsjettet midt i eit budsjettår.

Veljarkamp

Sjølv om Senterpartiet ikkje formelt har takka for seg hos Kongen enno, blir pressekonferansen i føremiddag i praksis første gongen Arbeidarpartiet legg fram politikk som eittpartiregjering.

Med det er kampen om straumveljarane for alvor i gang.

For samtidig jobbar Senterpartiet no med politiske forslag som dei skal legge fram for Stortinget etter at dei har gått ut av regjering.

 Ole Berg-Rusten / NTB

UT: Sp-leiar Vedum og parlamentarisk leiar Marit Arnstad (t.h.) vil no skape nye straumfleirtal på Stortinget.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

– Vi skal sjølvsagt bruke våre 28 stortingsrepresentantar godt og grundig for å prøve å skape fleirtal for ei ny retning i straumpolitikken, sa Senterpartiets parlamentariske leiar Marit Arnstad på pressekonferansen i Stortinget i går ettermiddag.

EU med straumgrep

Onsdag, dagen før regjeringssamarbeidet brast som følgje av tre EU-direktiv, lanserte EU-kommisjonen også grep for å stabilisere straumprisane.

Leiar Ursula von der Leyen kom med tiltak som skal gjere det «lettare å inngå langsiktige straumavtalar, utvide bruken av garantiar og gi insentiv til industrielle kundar for å tilby fleksibilitetstenester».

Publisert 31.01.2025, kl. 09.48 Oppdatert 31.01.2025, kl. 11.00

Read Entire Article