Tysdag stemte Stortinget over fleire forslag knytt til Helseplattforma.
Forslaget om å undersøke om der kan vere ei alternativ løysing til Helseplattforma blei vraka med ei stemme.
Helseplattforma er eit journalsystemet som er tatt i bruk ved sjukehusa i Helse-Midt, og fleire av kommunane i Møre og Romsdal og Trøndelag.
Diskusjonen har gått ut på om journalsystemet skal fortsette som planlagt, om ein må gjere omfattande endringar, eller om ein skal undersøke der er andre alternativ.
Senterpartiet, SV, Rødt, KrF, Pasientfokus, Frp, Venstre og MDG sa all at dei ville stemme for ei utgreiing av å skrote Helseplattforma. Men dette var ikkje nok til å få gjennom forslaget.
– Skuffa
Overlege ved Sykehuset Namsos, er skuffa over at Stortinget i dag vedtok å halde fram som før.
– Det er sjokkerande, eg trur ikkje dei skjønar konsekvensane av dette. Dei trur på løgnene om at dette har vorte betre. Det seiast stadig at det har vorte betre, men vi ser ingen forskjell, seier Håvard Christian Hagen.
Han seier at dei brukar mykje meir tid på journalane no enn før, som betyr mindre tid med pasientane.
– Dette må bort!
Ventetida auka etter innføringa
I haust la riksrevisjonen fram ein knusande rapport, der det blei slått fast at innføringa av Helseplattforma har truga pasientsikkerheita.
På noko over to år ha gjennomsnittleg ventetid auka frå 65 til 84 dagar ved sjukehusa i Midt-Noreg.
– Kopla dødsfall til Helseplattforma
Helseplattforma har så langt kosta over 6 milliardar kroner. Den har fått mykje kritikk, mellom anna av tilsette på sjukehusa.
Statsforvaltaren har kopla dødsfall direkte til Helseplattforma, og Helsetilsynet har konkludert med at systemet har før til auka risiko for svikt i pasientbehandlinga.
Også Riksrevisjonen har kritisert prosessen rundt Helseplattforma for svak styring, manglande heilskaplege risikovurderingar og fråvær av tilstrekkelege tiltak for å redusere kjent risiko.
– Ikkje første gong vi får ein IT-skandale i norsk helsevesenet
Stortingsrepresentant Kjersti Toppe (Sp) som inntil nyleg sat i Støre-regjeringa, vil ha ei utgreiing av ein mogleg avvikling av Helseplattforma.
– Eg etterlyser litt sjølvkritikk frå eit samla Stortinget på korleis det er mogleg at dette kan skje i eit norsk helsevesenet. Det er ikkje første gong vi får ein IT-skandale i norsk helsevesenet. Førre talar seier at vi må lære av våre feil. Vi lærer jo ikkje av våre feil.
Helseminister Jan Christian Vestre meiner Helseplattforma begynner å fungere og peikar på at signala frå mange kommunar har vore positive. Å skrote Helseplattforma er uansvarleg meiner han:
– Det er 40.000 som bruker systemet og det har kosta skattebetalarane over 6 milliardar kroner. Å kaste alt opp i lufta og begynne på nytt vil vere uansvarleg. Vi veit ikkje om det gir betre pasienttryggleik. Vi veit ikkje kva alternativa er.
Publisert 18.02.2025, kl. 15.13 Oppdatert 18.02.2025, kl. 15.17