Studentar stod to timar i kø for gratis klede og møblar

2 hours ago 3


– Køen begynte to timar før vi opna, så det viser jo kor stor interesse det er.

Marita Johansen er berekraftsansvarleg i Sammen, studentsamskipnaden på Vestlandet.

Heile 2265 var søndag innom gjenbruksmarknaden deira på Fantoft i Bergen.

Bærekraftsansvarlig i Sammen Marita Johansen på Sammen Gjenbruksfestival på Fantoft. Står og ser på DVD-er ved et bord

Berekraftsansvarleg i Sammen, Marita Johansen, sjekkar ut dvd-utvalet på gjenbruksfestivalen.

Foto: Nina Kausland / NRK

Ho påpeikar at studentar er i ein særstilling når det gjeld økonomi.

– Dette er eit kjempefint høve til å møblere hyblane og leilegheitene på ein rimeleg måte og spare pengar, seier Johansen.

Varene på gjenbruksmarknaden er ting tidlegare studentar har gitt vekk. No kan nye studentar få dei, heilt gratis.

Takksam for gratis ting

Allereie ein time etter opning er mesteparten borte. Enkelte møblar og ein del dvd-ar står att til etternølarane.

– Det er fint å kunne skaffe seg ting gratis, seier Lukas August Strandenes.

Han og Thea-Emilie Mathiesen Fjelde har funne seg ein stol og litt bestikk.

Studentene Lukas August Strandenes og Thea-Emilie Mathiesen Fjelde på Sammen Gjenbruksfestival på Fantoft. De står og holder en stol og noe bestikk

Lukas August Strandenes og Thea-Emilie Mathiesen Fjelde har funne seg ein stol og bestikk.

Foto: Nina Kausland / NRK

Han meiner studielånet ikkje er stort nok til at studentar kan leve på det åleine, og at mange er avhengig av ein jobb i tillegg.

– Det blir veldig avgrensa kva du kan kjøpe inn og skaffe deg.

– Kor viktig er økonomi for deg når du skal stemme?

– Økonomi er jo viktig, men eg synest også velferda for andre folk skal bli høgt prioritert. For min del er det berre å ta nokre ekstra skift på jobben. Men det er jo også folk som slit litt, dei kan heller få ein ekstra liten tanke, seier Strandenes.

Verre studentøkonomi på 20 år

I 2002 kunne ein student med nøkternt forbruk leve på studiestøtta aleine, og nokon hadde til og med litt pengar til overs. I 2024 ser situasjonen heilt annleis ut.

Det viser oppdaterte tal frå Samfunnsøkonomisk analyses rapport for Akademikerne om studiestøtte, som først blei publisert i 2023.

– Studentane har fått mykje dårlegare råd dei siste 20 åra. Støtta må aukast for at utdanning ikkje skal bli eit gode berre for dei med støtte heimanfrå. Alle skal ha likt høve til utdanning i Noreg, seier president Lise Lyngsnes Randeberg i Akademikerne til NTB.

Lise Lyngsnes Randeberg, Akademikerne

Lise Lyngsnes Randeberg, Akademikerne

Foto: Thomas Eckhoff

Dekker mindre enn før

I 2002 dekte studiestøtta 90 prosent av utgiftene til ein student i Oslo som budde med to andre. I 2024 dekker den berre 75 prosent – ei svekking i kjøpekrafta på 15 prosent.

Samanlikna med 2023 er det likevel ei forbetring. Da fekk studentane berre dekt 70 prosent av utgiftene sine.

– Vi er veldig glade for at støtta dei siste to åra har gått opp. Samtidig er det framleis eit godt stykke igjen til at studiestøtta dekker dei reelle kostnadene til studentane, seier Randeberg.

Tala frå rapporten er henta frå SSBs leigemarknadsundersøking frå 2024 og referansebudsjettet frå Forbruksforskningsinstituttet SIFO same år.

  • Studentene Maria Ingvaldsen og Ester Namkung på Sammen Gjenbruksfestival på Fantoft. Portrettbilde

    Nina Kausland / NRK

    Maria Ingvaldsen og Ester Namkung

    – For meg held det med lånestipend, då eg har funne ei grei husleige. Eg klarar meg med mat, husleige og internettrekning og sånt, utan å ha jobb ved sidan av. Eg jobbar berre i sommarferien, seier Maria (til høgre).

    – Eg jobbar også store delar av sommaren, fordi eg fekk mykje høgare leige i år. Eg må kanskje skaffe meg ein jobb på deltid, seier Ester.

  • Studentene  Kasper Gulli og Øyvind Backe på Sammen Gjenbruksfestival på Fantoft. Ser på servise som ligger på et bord.

    Nina Kausland / NRK

    Kasper Gulli og Øyvind Backe

    – Ein steikespade, no skal vi få flippa egga! Det kan følast som eit veldig trangt budsjett i studiestarten, og då er det greit å få det gratis. Vi er i eit samfunn der det er vanleg å bruke mykje pengar. Vi har det trongare enn før, men kanskje vi hadde hatt godt av å leve litt nøkernt, også, seier Øyvind (til høgre).

    – Det kjem litt an på kor mykje mat du et og kor kresen du er, seier Kasper.

  • Prosjektleder i Clothing Swap Bergen Erina Grasdal Skarpenes står foran bygg i forbindelse med Sammen Gjenbruksfestival på Fantoft

    Nina Kausland / NRK

    Erina Grasdal Skarpenes, prosjektleiar i Clothing Swap Bergen

    I tillegg til møblar kunne studentane hente seg gratis brukte sko, kåper og varme jakker.

    – I staden for å måtte kjøpe vinterklede når den tid kjem, så får dei her høvet til å få det utan at det kostar dei noko som helst, seier Erina.

Varierer mellom byane

I 2024 var studiestøtta på 151.690 kroner i året, men det var likevel ikkje nok til å dekke basisutgiftene for mange.

Utgiftene for studentar varierer mellom byane, blant anna på grunn av ulike leigeprisar.

Tala viser at studentar i Oslo, som bur saman med to andre, i snitt går 4197 kroner i minus kvar månad. I Trondheim var underskotet 2619 kroner for studentar i same situasjon.

Vil auke støtta til 1,5 G

I 2025 aukar studiestøtta til 166.860 kroner i året. Likevel meiner Akademikerne at dette ikkje er nok, og at løysinga ligg i å knyte studiestøtta til 1,5 gonger grunnbeløpet i folketrygda (G).

– Stortinget gjekk før sommaren inn for å binde studiestøtta til grunnbeløpet. Det var ein viktig milepæl. Nå er vi utolmodige på at regjeringa følger opp, seier Randeberg.

Norsk studentorganisasjon (NSO) er samd.

Sigve Næss Røtvold, leder i NSO

Sigve Næss Røtvold, leiar i NSO.

Foto: NSO

– Vi er glade for at Stortinget har gått inn for å knyte studiestøtta til G, men denne tilknytinga må skje allereie i statsbudsjettet for 2026 sånn at vi studentar får ein trygg og føreseieleg studentøkonomi framover, seier NSO-leiar Sigve Næss Røtvold.

Han påpeikar at førehandsstemminga til stortingsvalet har starta, og at studentar skal gå til valurnene:

– Derfor er det viktig at partia er tydelege på kva nivå dei meiner studiestøtta skal ligge på.

Publisert 10.08.2025, kl. 20.55

Read Entire Article