Suel Kassembo blir lauslaten - utreisa er utsett midlertidig

3 hours ago 3


Planane om utsendinga av Suel Kassembo har vekt sterke reaksjonar dei siste dagane. Mannen har budd ulovleg i Noreg i over 20 år, og nektar å dra herfrå.

Onsdag føremiddag blei han henta i kyrkjeasyl i Herøy på Sunnmøre og tatt med til utlendingsinternatet på Trandum i Akershus.

Planen var at han skulle sendast ut av landet fredag.

Laurdag ettermiddag blei han i staden framstilt for fengsling i Oslo tingrett.

Retten slår fast at han no får reise heim til Sunnmøre mot meldeplikt:

«Retten har kommet frem til at det vil være tilstrekkelig med meldeplikt og pålegg om bestemt oppholdssted, jf. utlendingsloven § 105. Det foreligger unndragelsesfare, men retten mener unndragelsesfaren reduseres i tilstrekkelig grad dersom Kassembo pålegges daglig meldeplikt til politiet», heiter det i avgjerda frå Oslo tingrett.

Politiet anka avgjerda og fekk medhald i at avgjerda får oppsettande verknad, altså at Kassembo ikkje blir sett fri før lagmannsretten har sagt sitt.

Framstilt for domstolen på nytt

Ingen kan vere lenger enn tre døgn på Trandum, før domstolen på nytt må vurdere behovet for fengsling før utsending.

Det var det som skjedde i Oslo tingrett laurdag.

Av

Suel Kassembo blir sendt ut av landet.

Torsdag blei Suel Kassembo sin siste dag i Herøy kyrkje saman med presten Solfrid Leinebø Seljås.

Fotografi: Støttegruppa for Suel Kassembo

Mange møtte i demonstrasjon

Saka har vekt stort engasjement landet over.

Fredag var det demonstrasjon framfor Stortinget, og mange politikarar har engasjert seg i saka til Suel Kassembo. Fleire av dei tek til orde for at han bør få opphald, etter så mange år i landet.

Politiet har dei siste dagane vore tilbakehaldne med å seie noko konkret om når han skal sendast ut av landet, og om kva som ventar han i Burundi.

UD frårår nordmenn å reise til landet på grunn av uro.

En gruppe mennesker holder opp skilt. Skiltet i forgrunnen er stort og laget av papp med teksten "AMNESTI NO" og "RETTFERD FOR SUEL". Andre skilt har lignende budskap. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Skuleelevar demonstrerer for at Suel Kassembo skal få bli i landet.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Vedgår at han er «borgar av Burundi»

Kassembo har heile tida hevda at han kjem frå Burundi. Då han kom til Noreg, fekk dei fleste frå landet opphald – og han ville truleg òg fått det dersom styresmaktene hadde trudd på forklaringa hans.

Det gjorde dei ikkje.

I grunngjevinga for pågripinga i går skriv politiets utlendingseining at han er «borgar av Burundi». Det skal vere første gong norske styresmakter slår fast dette.

Nyleg avviste politiet at dette var noko hovudpoeng.

– Det sentrale spørsmålet er ikkje om Kassembo er frå Burundi eller ikkje, men om han har behov for vern. UNE kom fram til at han ikkje hadde behov for vern, og derfor ikkje er verna mot retur til Burundi, svarte kommunikasjonssjef i UNE Torill Gulbrandsen torsdag.

Hevdar familien er drepne

Suel Kassembo kom til landet i 2004, og oppgav då at han var 16 år gamal. Han sa at han flykta frå Burundi etter at veslesystera og foreldra var drepne.

Men staten trur ikkje på historia hans, og han har tapt i både tingretten og lagmannsretten.

Retten slår fast at han pliktar å forlate landet og at han har brote utlendingslova grovt over lang tid. Menneskerettsdomstolen har sagt nei til å behandle saka hans.

Kassembo vil ikkje samarbeide om å reise tilbake til Burundi fordi han hevdar han er i livsfare dersom han gjer det. Dei siste to åra har han budd i kyrkjeasyl.

Suel Kassembo i Kyrkjeasyl i Herøy

Suel Kassembo har budd i kyrkjeasyl i Herøy i over to år. Der har lokalbefolkninga slått ring rundt han.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Publisert 30.05.2026, kl. 17.47 Oppdatert 30.05.2026, kl. 17.57

Read Entire Article