– Det har vore den vanskelegaste perioden i livet mitt.
Lindsey Vonn har våga seg tilbake i rampelyset igjen. I februar kjempa ho om OL-gull i Cortina.
Dei siste vekene har i staden bestått av:
- To og ei halv veke på sjukehus
- Seks veker i rullestol
- Ein kvardag på krykker
Nå er sjukehusskjorta bytt ut med eit raudt antrekk. Sjukestova og opptreningsrommet er erstatta av TV-studio med kamera og mikrofonar.
– Å vere her betyr mykje for meg, det å vere rundt folk. Eg har vore så isolert, sa Vonn då ho gjesta CBS denne veka.
Men ho innrømmer at ho framleis slit med det som skjedde i februar. Både fysisk og mentalt.
SUPERSTJERNE: Lindsey Vonn blei intervjua av fleire store medium denne veka.
Foto: Reuters– Eg betalte ein høg pris
Det er snart tre månader sidan den fatale dagen der alt blei svart.
Vonn skulle kjempe om OL-gull i utfor. Men etter 14 sekund var rennet, OL – og kanskje karrieren over.
– Det var det verste som har skjedd meg nokosinne, seier ho nå.
FERDIG: Lindsey Vonn enda på båre i OL. Her er ho på veg opp i helikopteret som tok henne til sjukehus.
Foto: APNORSK TRENAR: Aksel Lund Svindal var Vonn si trenar.
Foto: Skjermdump NRK1Vonn har hatt god tid til å reflektere over kva som skjedde. Dei 14 sekunda har gått i reprise i topplokket igjen og igjen.
41-åringen kunne ha mista beinet, men takkar dyktige legar, fysioterapeutar og trenarar for at alt gjekk såpass bra som det gjorde.
I lang tid var ho innlagd på sjukehus, og det kjentest som at tida stod stille.
– Eg prosesserer framleis det som skjedde, seier Vonn.
PÅ SJUKEHUSET: Lindsey Vonn var to og ei halv veke på sjukehus etter skrekkfallet i OL.
Foto: Instagram.com/lindseyvonnNo humpar ho rundt på krykker. Ho er ute blant folk. Det lettar på humøret etter å ha vore mykje aleine etter ulykka i Cortina.
På tre månader har ho vore gjennom åtte operasjonar.
– Det har vore så mange operasjonar og mykje smerte. Alt har vore ekstremt. Ingenting har vore lett eller rett fram, seier Vonn.
Nå går det mot lysare tider.
Måndag 4. mai blir ein merkedag for henne.
– Det blir første gong eg legg frå meg krykkene. I første omgang for korte periodar. Men det er første steget på vegen om å kaste dei for godt, seier den amerikanske superstjerna.
PÅ SJUKEHUS: Lindsey Vonn har delt fleire bilde frå sjukesenga.
Foto: Skjermdump / Lindsey VonnTør ikkje spørje legen
– Eg er i overlevingsmodus framleis, seier ho.
Ho skulle gjerne ønske at februardagen i Cortina enda på ein heilt annan måte.
– Det er framleis sjokkerande for meg at det enda slik.
Men ho identifiserer seg som ein alpin kappkøyrer. Det betyr at Vonn drøymer om å spenne på seg skia enda ein gong. Ho opnar for eit nytt sensasjonelt comeback.
– Når eg er frisk igjen – både fysisk og mentalt, kan eg ta avgjerda. Eg veit ikkje kor lang tid det vil ta.
Vonn avslører sjølv at ho ikkje eingong har tort å spørje legane om det er mogleg.
Men det er det ho vil: Stå på ski igjen. Helst mens ho kjempar om store titlar.
– Det handlar ikkje om «kan eg gjere det?» Det er meir «vil eg? og er det lurt?» Utforkøyring er ikkje så veldig smart uansett, seier Lindsey Vonn med eit smil.
PÅ SKI: Lindsey Vonn avbilda på trening før OL. Nå draumar ho om igjen å iføre seg alpinutstyr.
Foto: TIZIANA FABI / AFP,NTBPublisert 02.05.2026, kl. 21.15















English (US)