Svenn droppar julefeiringa: Køyrer 4000 kilometer i bubil gjennom Europa

21 hours ago 5


Eg har jo alt eg treng i bilen, så eg treng ikkje tenke på så mykje anna.

Svenn Kellner smiler breitt. Bubilen står parkert på ein parkeringsplass i Tyskland.

Han sit tilbakelent i førarsetet. Gardinene er nede og alt av supporterutstyr er henta fram.

En person står i en campingvogn og holder opp et skjerf med teksten "SERIEMESTER 24". Bak personen henger et gult flagg med F.K. Bodø/Glimt-logoen. Interiøret i vognene er enkelt med plass til oppbevaring. Utenfor vinduet er det et parkeringsområde med tydelig høstlandskap. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

GUL JUL: Glimt-supporteren vassar i gule supportereffektar.

Foto: Marius Eriksen Guttormsen / NRK

Skjerf, flagg og supporterutstyr ligg i «store dynger» i bubilen.

Reisa starta på Jessheim i Noreg og har gått til Dortmund i Tyskland. Så blir bubilen køyrd vidare til Madrid der det er meisterliga i januar. Sidan han helst styrer unna motorvegar – og legg inn ein del omvegar – endar på rundt 4.000 kilometer når han er i Madrid.

Når det først er lidenskap, så går eg hundre prosent for det. Det er ikkje null eller ti. Eg går hundre prosent.

Lagar podkast i bilen

Han snakkar på inn- og utpust om den store lidenskapen sin. Kellner er ein ivrig Glimt-tilhengar og debattant. Han har eigen podkast om Bodø/Glimt og driv eit supporterforum.

Han har mykje, veldig mykje, på hjartet, og i bubilen har han alltid ein fast lyttar.

Person i en svart sportsdrakt med sponsorer, holder en liten hund i armene. Bakgrunnen består av trær og hekker. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

GODE VENNER: Svenn Kellner og hunden Fernando.

Foto: Marius Eriksen Guttormsen / NRK

Hunden Fernando fyller to år i desember, og er alltid med på tur.

– Om eg må reise ein stad, så puttar eg Fernando i sekken. Og så er vi klare for tur, seier han og smiler.

Kellner hadde neppe klart seg like bra utan den firbeinte vennen sin.

Hund er viktig. Det er godt selskap, vi pratar masse saman. Men det er eg som gir han alle svara. Han er inderleg og glad i livet, seier Kellner.

En sort og brun hund står halveis ute av en boks eller rom med trevegger. Den ser oppover mot noe utenfor bildet. Gulvbelegget er teppebelagt, og det er synlige gjenstander i bakgrunnen. Det er en rolig innendørs setting. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

FIRE BEIN PÅ FIRE HJUL: Hunden Fernando likar seg i bubilen, meiner Kellner.

Foto: Marius Eriksen Guttormsen / NRK

Droppar jula:For mykje mas

Sidan han nå køyrer mot Madrid, kjem han ikkje til å vere heime i jula. Julefeiringa hadde han uansett droppa.

Eg feirar ikkje jul. Eg synest det er for mykje mas.

Da eg budde i Spania nokre år såg eg kva fattigdommen gjorde med folk i jula. Det er galskap.

Kor er du 24. desember?

Kanskje Alicante?

Så blir det ny bortekamp i Europa før snuten blir vend mot Noreg igjen.

– Det er heilt sjukehus

Bubilen blei skaffa i 2024. Så bar det rett ut for å sjå Glimt i Europa. Den gongen gjekk turen til Latvia og Polen.

Sidan har det blitt nokre kilometer. I utgangspunktet var han ferdigkøyrd, men da Glimt tok seg til meisterligaen berre måtte han legge ut på ein ny tur.

Den blir avslutta i Madrid, der Bodø/Glimt skal møte Atlético Madrid i januar.

En person i en gul jakke står i døren på en campingvogn. Han holder en gjenstand i den ene hånden mens han ser utover. Omgivelsene består av tørre, brune blader og en steinlagt plass. Det er delvis overskyet vær. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

PÅ REISE: Svenn Kellner har hatt nokre timar i bubilen.

Foto: Marius Eriksen Guttormsen / NRK

Reisa vi er på nå. Eg får frysningar berre av å tenke på det. Det er heilt sjukehus. Eg kan ikkje seie noko meir. Kor skal det ende?

Korleis er kvardagen?

Akkurat som heime. Berre at eg drikk kaffi på senga.

Er du sikker på at dette er siste tur?

Nei. Haha.

Publisert 12.12.2025, kl. 21.20

Read Entire Article