Svensk økonom ut mot Noregs pengebruk: – Berre på grunn av oljeinntekter

1 week ago 15


Mens Noregs Bank bestemte seg for å heve styringsrenta til 4,25 prosent torsdag, held svenskane styringsrenta si på 1,75 prosent.

Den svenske makrostrategen Amanda Sundström i SEB meiner pengebruken til norske politikarar bidrar til å gjere jobben til Noregs Bank vanskelegare.

– Det blir jo ein dragkamp. Har ein ekspansiv finanspolitikk som prøver å halde veksten i økonomien oppe, så må Noregs Bank heve renta eller halde henne oppe lenger, seier Sundström til NRK.

– Korleis hadde dette sett ut dersom Noreg ikkje hadde oljepengar?

– Det hadde sett veldig annleis ut. At ein kan ha ein så ekspansiv finanspolitikk over så lang tid, er berre på grunn av at ein har så mykje oljeinntekter som kjem inn.

I år er om lag kvar fjerde krone som blir brukt i statsbudsjettet, pengar som kjem frå oljefondet.

Allereie då budsjettet blei lagt fram i oktober i fjor, var det fleire som var kritiske til bruken av oljepengar.

Fleire åtvara mot konsekvensane dette kunne få for både inflasjonen og renta.

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Prognose Norges bank

– Viktig at finans- og pengepolitikken dreg i same retning

Onsdag viste tal frå Sverige at prisveksten der berre har vore 0,8 prosent det siste året. Til samanlikning har prisveksten i Noreg vore 3,6 prosent i same periode.

Men Noreg har svært ulike føresetnader, seier den svenske sentralbanksjefen Erik Thedéen.

– Norsk økonomi har gått sterkare enn svensk økonomi dei siste åra. I tillegg har vi hatt ei veldig god lønnsdanning i Sverige. Sjølv då inflasjonen var på 10 prosent sa partane at dei skulle jobbe for å nå inflasjonsmålet på 2 prosent over tid. Det dempa presset frå lønnssida.

Lønnsveksten i Noreg har vore sterkare enn i Sverige i fleire år. I Sverige fall reallønna mykje etter lønnsoppgjeret i 2022.

En mann i dress holder en presentasjon.
Han har briller og en mikrofon festet til jakkeslaget.
Mannen står bak et bord med en vannflaske og et glass.
Bak ham er det en grå bakgrunn.

Sentralbanksjef i Sveriges Riksbank Erik Thedéen.

Foto: William Jobling / NRK

I tillegg har kutt i momsen og ei sterkare svensk krone bidrege til at prisveksten har bremsa i Sverige.

Thedéen vil ikkje kommentere den økonomiske utviklinga i Noreg spesielt, men seier på generelt grunnlag at det er avgjerande at politikarane og sentralbanken dreg i same retning.

– Det er viktig at finans- og pengepolitikken dreg i same retning. Det er vanskeleg å få ned inflasjonen dersom finanspolitikken er sterkt ekspansiv.

Kvifor setter Noregs Bank opp renta?

Peikar på utlandet

Statssekretær i Finansdepartementet Ellen Reitan (Ap) meiner politikken til regjeringa ikkje har skuld i at styringsrenta blei sett opp torsdag.

Ho peikar på andre forhold som er med å drive prisane, og med det rentene, oppover.

– Vi ser at vi har fått ein auka prisvekst frå utlandet, særleg på olje og råvarer på grunn av situasjonen i Iran. Og så har vi ein høg lønnsvekst i Noreg. Det er faktorar vi politikarar ikkje rår over, seier ho i Dagsnytt 18.

En kvinne står utenfor (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Statssekretær Ellen Reitan i Finansdepartementet.

Foto: Peder Bergholt / NRK

Regjeringa har den siste tida fått mykje kritikk for eit løfte dei gav i valkampen. Då lova dei rentekutt til alle, i staden for borgarlege skattekutt som Arbeidarpartiet meinte ville komme få til gode.

Men Reitan meiner dei har levert på lovnadane, trass i at styringsrenta blei sett opp onsdag.

– Det vi lova i valkampen, og som vi har levert på, er ein ansvarleg budsjettpolitikk.

Se hvor mye du må betale når renta endres. Vi tar utgangspunkt i en nominell rente på 4,99 prosent.

Rente

Ditt lån

Nedbetalingstid nå

Månedlige utgifter 18 244 kr

Endrede utgifter 724 kr

Det vil si en total utgift på 18 244 kroner i måneden. Altså en endring på 724 kroner i renteutgifter.

Publisert 07.05.2026, kl. 19.39 Oppdatert 07.05.2026, kl. 20.20

Read Entire Article