Fleire av dei største stjernene har åtvara mot ei stygg ulykke etter innføringa av nye reglar.
I løpet søndag mista Oliver Bearman kontrollen over bilen, og blei skadd då bilen deisa i veggen i svært høg fart.
Speedometeret gjekk frå 308 kilometer i timen til null på sekund. Like etter halta han ut av bilen, og han kom frå kollisjonen utan brotskadar.
– Ei vill ulykke med så enorm fart. Nå må vi undersøke og forstå kva som skjedde, sa Bearman sjølv i ei fråsegn til sitt eige lag etter krasjen.
STJERNE: Oliver Bearman, her avbilda før løpet i Japan.
Foto: Go Nakamura / REUTERS,NTBFleire medium har døypt kollisjonen «50g-krasjen», som viser til dei enorme kreftene i sving.
Nå bekreftar både Det internasjonale motorsportforbundet (FIA) at det kjem endringar. Formel 1 tar no ein månads pause, og det gir rom til endringar.
– Vi har planlagt fleire møte i april der vi skal sjå på korleis dei nye reglane fungerer og for å sjå på om det er behov for forbetringar, skriv FIA i ei fråsegn.
– Forhåpentleg kjem det ei betre løysing som gjer det tryggare å drive med racing, seier Williams-sjåfør Carlos Sainz til Sky Sports.
Enorme forskjellar med nye reglar
Denne sesongen er halvparten av motorkrafta i bilane elektrisk. Det betyr at førarane må generere ei viss mengde energi per runde. Det gjer at det oppstår store fartsforskjellar mellom bilane, noko som var årsaka til krasjen søndag.
Bearman kom bak Franco Colapinto, som køyrde ganske sakte fordi han sparte batteri på bilen. Bearman prøvde å komme seg forbi, og brukte derfor løft, ein slags «superfart-knapp».
– Han skapte ein fartsforskjell på 50 kilometer i timen, seier sjefen for Haas (Bearmans lag), Ayao Komatsu til Autosport.
SJEF: Ayao Komatsu styrar spakane i Formel 1-laget Haas.
Foto: RUDY CAREZZEVOLI / GETTY IMAGES NORTH AMERICA,NTB– Farleg
Akkurat da mista Bearman kontrollen over bilen, og han suste i veggen. Colapinto, som prøvde å spare energi (og blei forbikøyrd), meiner dei nye reglane med løft og energisparing må endrast.
– Eg synest ting må sjåast på i framtida; av og til er det farleg. Særleg når du ikkje veit heilt kor mykje fortare du køyrer, og det er inga moglegheit til å vite det. Vi ser i spegelen, og plutseleg er den andre bilen forbi, seier Colapinto.
Sidan løft og energisparing med elektriske motorar er heilt nytt av året, har førarane null erfaring med denne typen problemstillingar.
– FIA vil fortsette arbeidet for eit best mogleg resultat. Sikkerheit er eit viktig element i oppdraget vårt, skriv FIA i uttalen.
Der presiserer dei også at spekulasjonar om moglege regelendringar er forhasta og at dei skal kommunisere oppdateringar når det er klart.
Neste Formel 1-løp er 3. mai i Miami.
LEIAR: Kimi Antonelli heldt seg på banen og vann løpet i helga. Han leier VM-samandraget før aprilpausen.
Foto: Kim Kyung-Hoon / REUTERS,NTBPublisert 01.04.2026, kl. 21.08











English (US)