På veg til Gullruten-sendinga i Bergen, vart gjengen i «Team Pølsa» overraska av «God Morgen Norge»-programleiar Desta Marie Beeder med prisen.
Programleiar Øystein «Pølsa» Pettersen seier til NRK at det er viktigare at folk set pris på programmet enn å få ein pris.
– Men det betyr veldig, veldig mykje, seier han.
Det viktigaste er at ungdommane får gode opplevingar.
– Ungdommane fortener det så innmari. Eg håpar at denne helga skapar minner dei kan ta med seg inni kvardagen deira.








English (US)