Problema med toginformasjon er retta klokka 08.40, opplyser Bane Nor til NRK.
– Nå funkar alt som normalt, seier pressevakt i Bane Nor, Harry Korslund.
Bane Nor hadde tysdag morgon problem med informasjonssystemet. Og valde difor å skru av fleire informasjonstavler.
Kva tog som kom på kva spor, blei i staden informert over høgtalaranlegget.
– Vi må manuelt informere om endringar i sporbruk. Vi har ein feil i kommunikasjonssystemet som styrer den informasjonen.
Feilen ramma heile landet, men særleg dei travlaste togstasjonane, slik som Oslo S.
Feilen påverka ikkje sjølve togtrafikken, som går normalt tysdag morgon.