Testa omstridd metode på norske utøvarar: – Bør vere strengt regulert

2 months ago 14


Det siste halvåret har karbonmonoksid – ofte referert til som Co-gass – vore eit mykje omtalte tema innanfor sykkelsporten.

Nå har det internasjonale sykkelforbundet innført forbod mot hyppig bruk av gassen. Det tredde i kraft måndag 10. februar.

Debatten blei aktualisert da nettstaden «Escape Collective» omtalt at karbonmonoksid hadde blitt brukt under sesongførebuingane til tre av dei beste laga i verda: UAE Team Emirates, Visma-Lease a Bike og Israel-Premier Tech.

At det dermed involverte namn som verdseinar Tadej Pogacar og utfordraren hans i Tour de France-samandraget Jonas Vingegaard gjorde interessa rundt oppslaget eksplosiv.

Det dreidde seg likevel om bruk av gassen før og etter høgdetrening for å måle hemoglobinmassen og dermed også effekten av treninga. Metoden er ikkje ny, og kjem heller ikkje til å bli forboden.

– Vi måler kor mange raude blodceller du har i blodet og effekten høgdetreninga har hatt. Vi gjer ei måling dagen vi kjem til høgda og deretter den dagen vi drar ned igjen. Slik ser vi forskjellen på kor mykje hemoglobinet har auka. Det er ikkje noko verre enn det, uttalte Vingegaard sjølv til Escape Collective.

Innførte forbod

At Co-gass har dukka opp på dagsordenen i haust, har ikkje berre med artikkelen i Escape Collective å gjere. Det handlar også om at den potensielt kan gi fatale konsekvensar om han blir brukt feil.

Det internasjonale sykkelforbundet (UCI) behandla saka under eit møte i den franske byen Arras tidlegare i vinter. Det blei der vedteke å innføre eit forbod mot gjentekne inhaleringar av karbonmonoksid. Dette for å vareta helsa til utøvarane.

Forsker Bent Rønnestad

FØR OG ETTER: For å sjekke hemoglobinmassen i blodet, blir det tatt blodprøver før og etter eksponering i høgda.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

– Den einaste grunnen til å forby gjentakande inhalasjon av karbonmonoksid, med tanke på UCIs medisinske reglar, er helserelatert. Formålet er å avgrense den potensielle helserisikoen som er knytt til gjentakande bruk, skriv UCI til NRK.

Det vil framleis vere tillate å bruke gassen i samråd med fagpersonar med eigna utstyr. Da vil det vere avgrensa til éi inhalering på veg opp i høgda, og éin annan minst to veker seinare.

Forbodet starta 10. februar. Utøvarar som frå nå av nyttar seg av metoden, skal det nå gjerast ein merknad i helsejournalen til.

UCI ønsker nå at verdas antidopingbyrå (WADA) skal gjere tydeleg om bruk karbonmonoksid skal bli sett på ein normal metode, eller om det skal settast på ei liste over forbodne metodar.

BRUKTE CO-GASS: UAE Team Emirates innrømmet bruk av karbonmonoksid for å måle høydeeffekt i løpet av 2024-sesongen, men laget har siden informert om at de vil slutte å bruke gassen.

Foto: AFP

– Har UCI indikasjonar på at denne gassen blir brukt til andre formål enn å sjekke blodverdiane i samband med høgdetrening?

– Det er ikkje eit tema akkurat nå. Same kva intensjonen er, vil gjentatte inhaleringar av Co-gass vere forbode på grunn av den potensielle helserisikoen, svarer ein talsperson for UCI.

Derfor bruker dei gassen

Det er Bent Rønnestad som saman med kollega Joar Hansen har stått for målinga av ryttarar som nettopp Vingegaard, norske Johannes Staune-Mittet og fleire andre ryttarar i Visma-laget dei siste tre sesongane.

Han fortel at bruk av karbonmonoksid for å måle høgdeeffekt er ein metode som går fleire tiår tilbake i tid i norsk idrett.

– De bruker karbonmonoksid, og det er sikkert ein del som stussar på det. Kvifor ønsker de å bruke det på idrettsutøvarar?

– Det festar seg veldig lett til dei raude blodcellene. Derfor er gassen veldig eigna for å måle kor mykje raude blodceller som er i kroppen. Så gir vi berre ein veldig liten dose under kontrollerte forhold, og da er ikkje dette farleg for utøvarane, seier Rønnestad til NRK.

Johannes Staune-Mittet i testlabben på Høgskolen i Innlandet på Lillehammer.

TESTA HØGDEEFFEKTEN: Bent Rønnestad og forskarane på Lillehammer har samarbeidd med Visma-Lease a Bike dei siste åra. Her får Johannes Staune Mittet den lovlege behandlinga med Co-gass.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Forskaren seier også at bruken ikkje er noko som blir nytta eksklusivt av sykkelsporten.

– Nå er det jo nokre lag innanfor sykkelsporten som har bekrefta at dei bruker CO for å måle hemoglobinmasse før og etter høgdecampar. Så at det har blitt brukt, det veit vi jo. Men det er ikkje berre innanfor sykling. Det er også vanleg innanfor dei aller fleste uthaldsidrettane, og blant anna langrenn, skiskyting og springing, fortel han.

Les meir om bruken i Noreg i faktaboksen under!

Forska i høgda

Sommaren 2023 gjekk forskarar frå blant anna Sverige, Noreg og Italia saman for å finne ut om hyppigare inntak av gassen kunne ha noko form for prestasjonsfremjande effekt.

Prosjektet, som blant anna Rønnestad og Hansen var ein del av, sende godt trena syklistar ned til Livigno på treningsleir.

Blant gruppa som budde og trena som vanleg i 2100 meters høgde, inhalerte halvparten karbonmonoksid på ettermiddagen, mens den andre halvparten inhalerte vanleg luft. Ei tredje gruppe utøvarar både budde og trena i låglandet.

– Kva fann de ut?

– Det kan sjå ut som at om du tek denne gassen på dagleg basis, så kan det gi litt større auke i hemoglobinmasse enn utan denne inhaleringa. Da vi testa prestasjon og maksimalt oksygenopptak på «laben» i etterkant, så var det imidlertid ingen forskjell mellom gruppene, forklarer han.

Livigno, Giro d'Italia

SYKKELPARADIS: Livigno er eit populært reisemål både for turistar og syklistar. Utøvarane som deltok i forskingsprosjektet til Bent Rønnestad har blitt anonymiserte. Dette bildet er henta frå Giro d’Italia.

Foto: Fabio Ferrari / AP

– Kva var formålet med forsøket?

– Utgangspunktet var at ein svensk idrettsforskar ønskte å følge opp ein tysk studie som gav karbonmonoksid fire gonger om dagen på ei gruppe moderat trena personar som var i låglandet. Prosjektet vi var med på gjekk ut på å finne ut korleis effekten av å innta Co-gass på ettermiddagane blir under eit høgdeopphald for godt trena utøvarar.

– Kva kan du seie om utøvarane som stilte opp på dette?

– Det var i overkant av 20 godt trena syklistar. Dette var skandinaviske utøvarar, og nokre av dei var også norske, bekreftar han.

Potensielt dødeleg

Karbonmonoksid er ein farleg gass, noko som gjer at dei styrande organa til sporten er nøydde til å ta problematikken på alvor.

– Det som er skummelt med den gassen, er at han ikkje har smak, lukt eller farge. Dersom flaska skulle begynne å lekka her inne, så får ein ikkje noko forvarsel på det. Om ein ikkje hadde hatt ein «Co-alarm». Det er derfor det er viktig med eit forbod, slik at folk som ikkje heilt veit kva dei held på med, brukar det, seier Rønnestad til NRK inne på testlaben på Lillehammer.

Forsker Bent Rønnestad

MÅLAR RAUDE BLODCELLER: Karbonmonoksid festar seg lett til dei raude blodcellene, og er derfor godt eigna til å måle talet av dei i kroppen. Metoden blir gjerne brukt i samband med høgdetrening.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Han stiller seg bak forbodet UCI nå har valt å innføre mot hyppig bruk av gassen:

– Vi er einige i at det bør vere er forbod mot å bruke karbonmonoksid på dagleg basis, fordi det er ein veldig farleg gass som ein i verste fall kan døy av. Derfor bør bruken av den vere strengt regulert. Den måten vi bruker gassen på her, før og etter ei høgdesamling, for å måle effektane av den samlinga: Det er ein heilt annan situasjon under kontrollerte vilkår, seier Rønnestad.

Tatt på senga av NRK-spørsmål: – Satte meg skikkelig ut 01:03

Publisert 18.02.2025, kl. 20.35 Oppdatert 18.02.2025, kl. 20.44

Read Entire Article