Det var storstilt Fosse-fest på Slottet i dag.
Historias første Fosseforedag vert halde for å heidre nobelprisvinnaren i litteratur. I tillegg vart den første Fosseprisen delt ut.
Vinnaren av Fosseprisen er den tyske omsetjaren Hinrich Schmidt-Henkel (65). Prisen er 500.000 kroner.
Det skal vere blant dei største omsetjarprisane i verda.
Sjå intervjuet her: – Veit ikkje kva eg skal gjere med pengane
Hinrich Schmidt-Henkel er verdas første vinnar av Fosseprisen.
120 bøker frå tysk til norsk
Schmidt-Henkel har omsett det meste av Fosse sine tekstar – både teater og prosa. I tillegg til mykje anna norsk litteratur.
– Men Fosse er faktisk størst på teater i Tyskland, forklarar han til NRK.
Det første han omsett av Fosse til tysk, var teaterstykket «Namnet».
Sidan har det blitt over 120 bøker, både av Fosse og andre forfattarar, noko som Fosse sjølv meinte gjorde tyskaren til «eit opplagt val».
– I dag er eg verdas lykkelegaste omsetjar, sa han då han tok imot prisen på Slottet i dag.
Sjå bildeserie:
Kronprinsesse Mette-Marit er kongeleg beskyttar for Fosseforedraget og Fosseprisen. Her handhelsa ho på vinnaren, den tyske omsetjaren Hinrich Schmidt-Henkel.
Foto: Heiko Junge / NTBDen franske filosofen Jean-Luc Marion framførte det første Fosseforedraget.
Foto: Heiko Junge / NTBFilosof og professor Marion elskar ein god teikneserie, spesielt Tintin. – Når det er gjort av ein god kunstnar, kan det vere stor litteratur!
Foto: NRKKronprins Haakon, kronprinsesse Mette-Marit og forfattar Jon Fosse satt saman på Slottet.
Foto: Heiko Junge / NTBMange var invitert for å heidre norsk litteratur.
Foto: Heiko Junge / NTBVeronica Talgø med kollegaer frå Trondheim folkebibliotek før Fosse-fest på Slottet.
Foto: n12861 / NRK
Litteratur-elskarar frå fjern og nær
Blant dei mange inviterte, var 37 «lekfolk» for å representera lidenskapen for litteratur over heile landet.
Ein av dei er bibliotekar og formidlar ved Trondheim folkebibliotek, Veronica Talgø. Ho vart overraska og glad då ho fekk invitasjonen i postkassa.
– Det er spesielt artig at det er ein ny pris med fokus på omsetjarar. Det har vi mangla internasjonalt og i Noreg. Vi må snakke høgt om kva vi er gode på sjølve.
Veronica Talgø er bibliotekar på Trondheim folkebibliotek, og har vore prosjektleiar for Bibliotekets litteraturpris.
Foto: Jørn Tveter / NRKHo rapporterar om gode tider som bibliotekar i Trondheim:
– Mange unge er interessert i å lesa meir, og dei kjem ofte med forslag til kva vi kan kjøpe inn, seier ho.
Ein anna som reiste til Slottet i dag, var forfattar Peter Strassegger. Også han fekk invitasjon i posten.
– Det var jo heilt utruleg. Eg måtte sende e-post tilbake og sjekka om dei hadde invitert riktig person, ler han.
Også han er positiv til å bruse litt med litteratur-fjæra.
– Vi har vunne Nobelprisen. Då er det vektig at vi byr litt på oss sjølve, seier han til NRK.
Forfattar Peter Strassegger melder om litt 17. mai-stemning utanfor Slottet. Han fekk nettopp ja til eit nytt bokmanus, så han var i ekstra godt humør.
Foto: Jørn Tveter / NRKForedrag og pris til 4 millionar
Fosseforedraget og Fosseprisen er i regi av Nasjonalbiblioteket, finansiert og etablert av Støres regjering i desember 2023, kunngjort nokre månader etter at Fosse vann nobelprisen.
– Dette er ein stor dag! Og ei hending eg håpar vi skal feire i mange år framover, seier kulturminister Lubna Jaffery (Ap) til NRK.
Regjeringa løyver 4 millionar kroner årleg til dette, opplyser Kulturdepartementet til NRK.
Kulturminister Lubna Jaffery (Ap) meiner dette er ein stor dag for norsk litteratur.
Foto: Jørn Tveter / NRK– Er det nok pengar for å heidre ein nobelprisvinnar?
– Foreløpig er det nok, ja. Ein stor del av dei pengane, ein halv million, går til Fosseprisen. Utover det er det aller vektigaste at vi no institusjonaliserer eit foredrag og ein pris som skal stå igjen til seinare generasjonar.
– Trenger norsk litteratur å komme seg meir ut i verda?
– Norsk litteratur er allereie der ute! Men vi er eit lite språk, og kan nå ut til enda fleire, seier kulturministeren.
Publisert 24.04.2025, kl. 21.26