Tilsett i Innovasjon Noreg dømd for grov korrupsjon

3 hours ago 1


Den tidlegare rådgjevaren i Innovasjon Noreg er dømd til fengsel i tre år for å ha utnytta stillinga si og må i tillegg betale tilbake ein halv million av pengane han har tileigna seg ulovleg.

Svindelen pågjekk i meir enn ti år.

«Et sentralt moment ved straffeutmålingen er etter rettens vurdering at det her er snakk om grov korrupsjon i forhold til en offentlig tjenestemann som var ansatt i en institusjon med særlig fokus på fordeling av samfunnets fellesgode», heiter det i dommen.

– Vi har tydelege etiske reglar og nulltoleranse for korrupsjon. Vi vurderer dette som klare brot på reglane i Innovasjon Noreg, og var ikkje klar over at dette hadde gått føre seg før vi såg tiltalen, seier divisjonsdirektør Bjørn Olav Olsen i Innovasjon Noreg.

NRK har så langt ikkje fått kommentar frå forsvararen til mannen.

Bildet viser en person kledd i formelt antrekk, som sitter i en rettsal. Det er flere uskarpe elementer i forgrunnen, som sannsynligvis er deler av møbler eller dokumenter. Omgivelsene er nøkterne og har en profesjonell atmosfære, typisk for et rettslokale. Personen ser ut til å være fokusert på en pågående prosess.

Frode Sulland forsvarar den tidlegare Innovasjon Noreg-tilsette.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Kjempetungt

To bedriftseigarar innanfor fiskerisektoren er dømd til fengsel i to år og i halvanna år kvar.

Dei to bedriftseigarane er dømde for å ha gitt ein rådgjevar i Innovasjon Noreg økonomiske fordeler. I bytte skal dei ha fått hjelp til å få godkjent store offentlege lån til fiskebåtar og fiskekvotar.

– Det har vore kjempetungt. Heilt ekkelt. Nesten så eg ikkje orkar å gå ut i det heile tatt, sa rådgjevaren då han forklarte seg i retten nyleg.

Alle tre nekta straffskuld då saka gjekk for tingretten.

Innovasjon Noreg er statleg eigd og finansiert og skal hjelpe bedrifter rundt om i landet opp og fram ved å mellom anna gje lån, garantiar eller tilskot.

Bildet viser en rettssal med flere personer til stede. En mann sitter ved et bord, kledd i dress og skjorte, med fokus rettet mot en dommer som delvis er synlig i forgrunnen. I bakgrunnen henger flere ytterjakker på en vegg. Det er en enkel og nøytral innredning i rommet.

Arild Kristian Dyngeland er forsvarar for den eine tiltalte bedriftseigaren. Kenneth Mikkelsen (til høgre) for den andre.

Foto: Remi Sagen / NRK

Varsla Økokrim om leilegheitskjøp

Det var ein revisor som ante ugler i mosen først.

Han oppdaga at rådgjevaren i Innovasjon Noreg hadde kjøpt ei leilegheit av den eine bedriftsleiaren til nesten 1,4 millionar under marknadspris, og varsla Økokrim.

Det førte til at politiet starta etterforsking.

Då kom det også fram at rådgjevaren hadde selt ei anna leilegheit for over 1,1 millionar kroner over marknadsverdi til den andre bedriftsleiaren.

Den tidlegare offentleg tilsette har forklart i retten at han meinte prisen var rett for begge leilegheitene.

Fekk lovnad om gunstige aksjekjøp

Rådgjevaren i Innovasjon Noreg skal også ha sikra seg avtale om gunstige aksjekjøp i fiskeriselskapa til dei to medtiltalte.

Kjøpa vart aldri gjennomførte.

Aktor Magne Nyborg sa i retten nyleg at mannen brukte avtalane til å presse prisen på leilegheitene opp og ned. På denne måten hadde han har misbrukt stillinga si for å oppnå økonomiske gode.

– Eg noterer meg at retten har vore enig med påtalemakta om at det er grov korrupsjon for alle tre. Retten gjekk litt ned på straff, men det er heilt innafor, så då er påtalemakta heilt fornøgd med resultatet, seier Nyborg fredag ettermiddag.

Statsadvokaten holder et papirark. Omgivelsene inkluderer moderne møbler og belysning. En mikrofon er synlig på bordet foran dommeren. Rettssalen ser ut til å være godt opplyst og organisert.

Statsadvokat Magne Nyborg er aktor i saka.

Foto: Remi Sagen / NRK

Innovasjon Noreg avviser at det er ein ukultur i det statlege selskapet.

– Nei, vi har veldig strenge reglar og etiske bevisste medarbeidarar, så det vil eg på det sterkaste avvise. Eg har aldri opplevd noko liknande nokon gong, seier divisjonsdirektør Bjørn Olav Olsen.

Grov korrupsjon har ei strafferamme på ti år.

Det er fire veker ankefrist og dommen er førebels ikkje rettskraftig.

Publisert 06.02.2026, kl. 12.19 Oppdatert 06.02.2026, kl. 12.58

Read Entire Article