Dei to mennene i 40-åra blei pågripne torsdag på to ulike stader i bergensområdet.
Fredag ettermiddag fortalde politiadvokat Marianne Aune i PST at dei to har vore involverte i ei våpenleveranse i eit europeisk land i fjor sommar.
Våpena skulle til terrororganisasjonen Hamas, og skulle bli brukte i åtak mot jødar, fortalde Aune.
Dei to er norske statsborgarar, men har fortald at dei har palestinsk bakgrunn, ifølgje PST.
POLITIADVOKAT: Marianne Aune i PST fører saka mot dei to mennene.
Foto: Leif Rune Løland / NRKI fengslingsmøta fredag ba PST om fire veker i varetekt for dei to, med to veker i full isolasjon.
Vedgår ikkje skuld
Jørgen Riple er forsvarar til ein av dei sikta. Han seier hans klient ikkje vedgår straffskuld.
– Han samarbeider med politiet. Eg meiner bevisa PST la fram er tynne, og ber difor om at klienten min blir sleppt fri, sa Riple til NRK etter fengslingsmøtet.
FORSVARAR: Jørgen Riple seier hans klient ikkje vedgår straffskuld.
Foto: Leif Rune Løland / NRKErik Ulvesæter er forsvarar til den andre mannen, og seier også hans klient nektar straffskuld.
FORSVARAR: Erik Ulvesæter forsvarar ein av dei to mennene.
Foto: Even Norheim Johansen / NRKTrugselnivået ikkje endra
Dei to mennene er sikta for brot på straffelovas paragraf 136a, som gjeld deltaking eller støtte til ein terrororganisasjon.
Strafferamma er på inntil seks år i fengsel.
Justisminister Astri Aas-Hansen (Ap) har sagt til NRK at trugselnivået i Noreg ikkje blir endra.
– Eg er kjend med at PST har pågripe og sikta to personar for eit terrorrelatert brotsverk. PST si vurdering er at dette ikkje endrar trugselnivået, seier ho.
Publisert 29.05.2026, kl. 15.13 Oppdatert 29.05.2026, kl. 15.40

















English (US)