To tenåringar dømde for drapet på Emilia (14)

2 months ago 16


Det skriv Lunds tingrett i ei pressemelding.

I juli 2024 blei 14 år gamle Emilia funnen død ved eit industriområde i Landskrona i Sverige.

To jenter på 13 og 15 år blei fredag dømde for å ha drepe henne.

– Det er ikkje bevist at jentene frå byrjinga planlagde å drepe 14-åringen. Dei siste knivstikkingane mot halsen til 14-åringen var med vilje. Etterforskinga viser at vald var deira felles intensjon og handling, seier dommaren Björn Hansson.

Ifølge tiltalen førebudde dei to jentene seg med å stele saks, kniv, tape og plastposar som dei seinare brukte i valdshendinga.

Innrømma vald, men ikkje drap

Ifølge dommen teipa dei to jentene hendene og beina til Emilia (14). Deretter slo dei og knivstakk dei henne fleire gonger. Noko av bevisa har vore DNA-prøver, chattar, og ein video av valdshendinga som dei sjølve filma, skriv SVT.

WEB_INRIKES

Politi på plass ved jernbanestasjonen i Landskrona 24. juli 2024.

Foto: NTB

Dommen viser også til at jenta oppretta ein gruppechat same dag som hendinga skjedde med namnet «RIP».

Politiet fann 14-åringen livlaus under ein rutinemessig patrulje. Emilia døde seinare på sjukehus.

Dei to jentene innrømma i retten at dei saman planla og utførte overfallet. Dei sende også korte videoar av hendinga i ein gruppechat.

13-åringen får ingen straff

I september i år blei fem ungdommar mistenkte for å ha medverka til grov vald. I desember blei det klart at svensk påtalemakt tok ut tiltale mot den 15 år gamle jenta.

Dei reiste også det som i Sverige blir kalla bevissøksmål mot 13-åringen. Sidan ho er 13 år gamal kan ho ikkje straffeforfølgast, men retten kan ta stilling til skyldspørsmålet. Det har dei no gjort.

15-åringen er dømt til lukka ungdomsomsorg i to år og tå månadar. Begge jentene må betale erstatning til dei pårørande.

Publisert 21.02.2025, kl. 12.43 Oppdatert 21.02.2025, kl. 12.45

Read Entire Article