– Det er litt usynleg trening som barna ikkje merkar.
Det seier supermosjonist Tiril Lindberg om dei mange løpeøktene sine. I eit hektisk familieliv med to barn, har ho sett seg nøydde til å tenke alternativt for å få trent nok.
Derfor spring ho som hovudregel tidleg på morgonen, før jobb. Då må ho rett og slett stå opp litt tidlegare enn andre folk.
– I periodar så har det vore sånn klokka fem, halv seks, men dei siste åra har det vore meir vanleg oppvakningstid, frå halv seks til halv sju, seier tobarnsmora.
Liker du ikkje å trene på morgonen? Ta ein titt her:
Sprang langt i ferien
Dei siste åra har Lindberg sakte, men sikkert, auka treningsmengda.
Med ferie frå lærarjobben har treningsrutinen sklidd litt meir ut, fortel ho. Det gjeld berre på tidspunkta, for i juli har ho sprunge over 1000 kilometer. Mange av dei med låg intensitet.
Det svarer til litt over til 32 kilometer om dagen. Éin maraton er til samanlikning 42 kilometer og 195 meter.
– Det blir rundt 20 timar trening og litt til i veka, seier Lindberg.
I SKOGEN: Tiril Lindberg liker godt å veksle underlag som ho spring på. Her er ho i skogen.
Foto: PrivatPå Strava sin månadlege konkurranse i å springe lengst, blei ho tredje beste kvinne i heile verda førre månad.
– Eg var ikkje klar over at det fanst nokre Strava-lister, seier Lindberg då ho får tala presentert.
Likevel er ho blant dei kvinnene i verda som har sprunge lengst den siste månaden. Dei siste åra har ho også blitt introdusert for ultraløpmiljøet.
TOPPLISTE: Tiril Lindberg har sprunge tredje lengst blant kvinnene på appen Strava den siste månaden.
Foto: Skjermdumo fra StravaÅ springe over 1000 kilometer på ein månad synest NRKs friidrettskommentator Jann Post er imponerande.
– Det er bitte litt lenger enn sjølv det dei som spring mest, som kanskje Sondre Nordstad Moen og den typen folk gjer i månaden. Så det er ikkje heilt ekstrem, men til å ha jobb og familie, så er det ei veldig stor treningsmengde, seier kommentatoren.
Har du testa morgontrening?
Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.
Post er sjølv ein ivrig løpar og supermosjonist, som sjølv har kjent på tidsklemma med tanke på å få inn nok timar.
– Morgontrening er veldig lurt, tenker eg. Spesielt når ein har familie, seier Post.
For forstyrringane og endringar i planane kan fort komme i løpet av dagen. Då kan det kanskje vere lurast å ta økta allereie frå morgonen.
– Eg pleier å seie at då er ein eit steg framfor resten av verda, seier Post som særleg trenar på morgonen i feriar.
Brukar nærområdet
For å få kabalen til å gå opp med to barn på sju og ti år blir det ofte økter i nærområdet for Lindberg.
– Eg har ein femkilometersrunde, så spring eg ein runde, før eg spring heimom. Då et eg og drikk litt, så ser eg til dei, før eg spring ein runde til, fortel Lindberg.
Dermed er ho sjeldan langt unna om noko skulle skje i det rolege nabolaget hennar. Dei fleste av øktene hennar blir som kjent gjennomførte på morgonen.
– Eg liker veldig godt kjensla av å stå opp og komme i gang. Kjensla av å starte dagen og vere så å seie ferdig trent, det blir ein heilt avhengig av, seier Lindberg.
ENDORFIN: Tiril Lindberg kjenner på glede etter å ha fått sprunge på morgonen.
Foto: Privat– Finst ikkje noko fasit
Men sjølv om Lindberg likar best å trene på morgonen får ho ikkje nødvendigvis full støtte av professor Dorthe Stensvold i idrettsmedisin, på NTNU.
– Det er litt slik kva ein føretrekker. Det finst ikkje noko fasit på om det er aller best å trene på morgonen eller på kvelden. Det kjem an på fleire andre ting, seier Stensvold.
Ho er mest opptatt av at kroppen får bevega seg, noko som mange erfarer er vanskelegare når familien blir utvida med fleire barn. Då handlar det om å finne tidspunkta der ein får tid.
– Eg tenker at ein bør vere fornøgd om ein får gjort noko. For det er ikkje den fasen i livet der ein treng å bygge seg veldig opp, men kanskje meir halde det litt i gang, seier Stenvold.
Er det greit å jogge i baris? 01:18
Publisert 04.08.2025, kl. 12.20 Oppdatert 04.08.2025, kl. 12.27