Tobias (22) sleit med å sove etter «eit historisk tilbod»: – Fekk både gåsehud og bakoversveis

9 hours ago 2


– Eg fekk både gåsehud og bakoversveis.

Ein dag i mai snudde opp ned på livet til Tobias Røvde. To år etter at han sjølv hadde lagt opp som alpinist, kom ei moglegheit frå øvste hylle.

Eg låg eigentleg og sov, så eg blei litt sånn «oi, Lars ringer», fortel han.

Lars er Lars Kristoffersen, far og trenar for Henrik Kristoffersen. Røvde kremta litt og tok telefonen.

– Er det 1. april?

Følgd av ein kort prat, fekk han ein heilt spesiell førespurnad. For Lars Kristoffersen hadde ikkje berre ringt for å slå av ein prat. Han hadde eit tilbod på bordet.

Så spurde han «har du lyst til å jobbe for oss?». Då var eg sånn ... er det her 1. april, eller kva er det som skjer?

22-åringen var svært overraska. Etter samtalen måtte han ringe om råd.

Så måtte eg ringje pappa med ein gong. No har eg fått den sjukaste moglegheita i historia, så kva tenkjer du? Kva gjer eg? Han var ganske tydeleg på at denne sjansen må du ta, seier Røvde.

RINGDE: Lars Kristoffersen er trenar og koordinator for sonen Henrik Kristoffersen.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Far Kristoffersen gav Røvde ein frist for å vurdere tilbodet.

– Eg gav han éi veke å tenkje på det, for då skulle eg på ferie. Eg sa at eg kjem til Drøbak på søndag, så møte eg deg der så kan du tenke ei veke.

Men lang områdingstid trong han ikkje. Det skjønte Lars Kristoffersen fort da han møtte han heime i Drøbak.

Eg spurde om han hadde tenkt. Nei, han hadde ikkje tenkt, for det var han ferdig med før han la på (telefonen, journ.mrk.), fortel Kristoffersen.

– Speler ingen stor rolle

Også Henrik Kristoffersen sjølv er fornøgd med nytilsetjinga. Han meiner den erfaringa Røvde får nå, mildt sagt kan vere nyttig i framtida. At han er ung, ser han ikkje på som noko ulempe.

– Eg jobbar med dei same tinga no som eg gjorde då eg var 14 år gammal. Sjølvsagt er trykket litt høgare, det går litt raskare, ting er litt meir tilrettelagt. Men teknisk på ski, så er alt likt no som det var då, seier Henrik Kristoffersen.

en mann med baseballhatt

RUTINERT: Kristoffersen har vore på øvste nivå i mange år.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Han kjente det var greitt å få inn litt «ungt blod» og få inn nokon som ikkje har vore trenar på dette nivået tidlegare.

– Forhåpentleg blir han ikkje sliten av å spa snø og sånn, eller i alle fall ikkje så sliten som det nokon i gruppa som er litt eldre kanskje blir, seier Kristoffersen med eit stort glis om munnen, før han fortset meir seriøst:

– Nei, det er alltid kjekt å få inn nokon litt yngre, så er det nokon som er nærare min alder, sjølv om eg er ni år eldre enn han. Bortsett frå det så speler det eigentleg ikkje så stor rolle kor gammal du er eller kva erfaring du har.

– Det handlar om å ha rette verdiar og rett stå-på-vilje og gjere dei tinga du må og får beskjed om i starten. Så lenge du gjer det og eg trivst med at du er rundt meg og sånn, så trur eg det blir veldig bra.

KLAR: Henrik Kristoffersen får med seg ny trenar inn i den nye sesongen.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

– Klarte omtrent ikkje sove

Då Røvde innsåg at det ikkje var ein aprilsnarr, tok det tid før det sokk ordentleg inn.

Eg klarte omtrent ikkje å sove dei tre første netta etter at eg prata med Lars. Då gjekk hovudet i 300 kilometer i timen. Men da eg stod på flyplassen og skulle til New Zealand så var det sånn «ok, dette kjem faktisk til å skje». Det har vore ei kul reise fram til no.

I august reiste han med Kristoffersens lag til New Zealand og starta samarbeidet for fullt. Plutseleg var han ein del av laget rundt ein av dei beste i verda.

Det er ein ganske stor snarveg, da. Frå å jobbe med U12 i Rælingen til å jobbe med ein av dei beste alpinistane i verda. Det er sjukt mykje læring, så utruleg kult, seier Røvde.

  • Søndag er Røvde på plass i bakken når Henrik Kristoffersen og co. skal køyre det første rennet i sesongen. Storslalåm for menn startar søndag kl. 10.00 og blir vist på TV 2 Direkte.

Høydepunkter Galatasaray - Bodø/Glimt 3-1 - bilder fra TV 2

Publisert 25.10.2025, kl. 14.34

Read Entire Article