– Eg tok meg ein tur på byen for å reinse hovudet litt, og kjente at det ikkje er derfor eg legg opp, men eg trong nokre dagar å tenke på, seier Fossesholm til NRK.
Den nyleg pensjonerte skiløparen fortel at det var spesielt éi hending som fekk ho til å ta den endelege avgjerda.
– Førre helg, så måtte eg ta det roleg og kjenne litt på det. Det første eg gjorde var å dra på byen med ei venninne. Nå blir det «Syng», men ikkje Syng edru, seier ho til latter frå pressa.
Ho held fram:
– Eg kom heim på morgon etter ein bytur, og tenkte at dette livet verkar morosamt. Ikkje berre det å dra på bytur, men å leve litt friare.
– Det blir ein liten tur ut
24-åringen seier vidare at nå ventar sosiale ting med venner.
– Det blir ein liten tur ut på fredag ja, eg har avtalt med nokre venninner, ja, seier Fossesholm til NRK.
Ho blir utfordra av NRK på å seie den føretrekte karaokelåten si og om ho kan ta ein trall. NRK får svar på førstnemnde.
– Nei, eg kan ikkje gjere det! seier ho og flirer.
– Men eg synest Staysman og «rølp» er heilt topp. Kven blir ikkje glad av rølp? Syng hadde dessverre ikkje «Muggene er Megasvære» eller «Trenger en mann». Eg synest Staysman er bra festmusikk.
KAN SKÅLE: Nå ventar medisinstudium og litt fest og moro.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTBDet var tysdag at Fossesholm kom med sjokkmeldinga om at ho legg opp som langrennsløpar.
– Eg er letta. Og det er ikkje fordi eg ikkje er lei meg eller at det ikkje er vemodig. Eg har hatt omgangen min med tårer i sommar og haust, seier Fossesholm på ein pressekonferanse onsdag.
Imponerte i sommar
Det sjølv om ho har hatt ei god opplading før sesongen, med blant anna to sigrar under Blinkfestivalen i Sandnes i sommar.
Fossesholm sa sjølv at motivasjonen var årsaka til at ho nå har gitt seg som skiløpar. Ho fortel onsdag at ho tok avgjerda førre veke.
– Eg har heile tida hatt eit håp om at motivasjonen skal komme tilbake. Eg har gjort ting som eg ville gjort med toppmotivasjon, seier ho.
FERDIG: Helene Marie Fossesholm møtte pressa onsdag.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTBHo seier ho skal studere medisin og at ho har planar om å leve studentlivet «fullt ut».
– Eg hadde ikkje litt lyst til å gå ut på rulleski i sommar. Sjølv om vêret var fint, fortel 24-åringen.
Ho understrekar at ho kjem framleis til å trene og gå på ski, men at det blir på hennar premiss.
Ho står med to pallplassar i verdscupen individuelt, begge frå Finland i 2020/21-sesongen. Hennar beste individuelle plassering i ein internasjonal meisterskap er 8.-plass på 10 kilometer i VM i 2021.
Fossesholm legg opp berre månader før OL i Cortina i 2026.
Skal heie frå sofaen
Fleire av Fossesholm sine tidlegare lagvenninner reagerte då dei fekk nyheita.
– Eg felte nokre tårer. Det valet må ho ta sjølv og viss det er rett for ho så støttar eg det. Me er veldig gode venninner, sa Heidi Weng då ho møtte NRK på landslagssamling på Hafjell.
GODE VENNER: Heidi Weng og Helene Marie Fossesholm er gode venner. Her frå Oberstdorf i Tyskland i 2021.
Foto: Terje Pedersen / NTB– Eg sa til Heidi at eg blir jo ikkje borte. Eg kjem til Lillehammer og besøker deg, du kjem til Oslo og besøker meg. Eg skal hoppe i sofaen når du går OL, og eg skal heie heile vegen, seier Fossesholm.
– Weng sa at landslaget mistar ein nasjonalskatt?
– Ja, Heidi kan jo vere stor med ord nokre gonger, men det er veldig koseleg da. Eg ser det ikkje heilt slik. Det er veldig fine ord frå Heidi. Det betyr mykje, svarar Fossesholm.
Publisert 08.10.2025, kl. 13.16 Oppdatert 08.10.2025, kl. 13.58