– Eg har ei god lønn. Eg tener nesten 1,7 millionar i året. Viss eg kan gi eit slikt signal, så synest eg det absolutt er på sin plass, seier kommunedirektør Terje Heggheim.
Han vil unngå diskusjon om lønnsauke til seg sjølv.
Heggheim tener likevel meir enn andre kommunedirektørar. Snittlønna for gruppa låg på 1,3 millionar i desember i fjor.
Avisa Firda omtalte saka først.
Kommunen han er leiar i, har hamna i økonomisk uføre. Dei kan gå 70 millionar i minus i 2024.
- Mange norske kommunar rapporterer om underskot og meirforbruk, blant anna i helsesektoren.
Unik, men ikkje åleine
Det er ikkje vanleg at ein kommunedirektør takkar nei til meir pengar på lønnskontoen.
– Det er uvanleg og fortel om den krevjande situasjonen for økonomien i kommunane, seier Helge Eide, direktør for samfunn, velferd og demokrati i kommunesektorens organisasjon (KS).
Han har knappast høyrt om liknande situasjonar.
Eide i KS seier det nok er signaleffekten som står høgast når kommunedirektøren i Sunnfjord takkar nei til lønnsauken.
Foto: Tom Balgaard/NRK
Burde leiinga i kommunar kutte i eiga lønn i tronge økonomiske tider?
Uvanleg, ja, men ikkje den einaste. I 2019 kutta Sokndal-ordførar Jonas Andersen Sayed (KrF) si eiga lønn med 250 000 kr. Intensjonen var at dette skulle bli verande i kommunepotten.
Også ordførar i Kautokeino kommune valde å gå ned i lønn tidlegare i år då kommunen måtte spare millionar av kroner.
Viss lønnsauken hadde vore i tråd med oppgjeret i Sunnfjord kommune elles, hadde Heggheim fått rundt 85 000 meir i lønn.
– Alle skjønar at 85 000 er så å seie null og niks i eit kommunebudsjett. I denne saka er det nok signaleffekten som står høgast, trur Helge Eide.
Heggheim seier han har ein klar motivasjon for stansen i lønnsauken.
– Eg håper at vi kan få motivasjon rundt omstilling og innsparing.
- Det har tidlegare blitt retta kritikk mot at også dei som ikkje er tillitsvalde i kommunar bør senke lønna, som til dømes i Bodø.
Skapar reaksjonar
Reaksjonane på den noko unike innsparingsmetoden har ikkje lete vente på seg.
I Førde synest folk det er på sin plass at kommuneadministrasjonen seier frå seg delar av lønna i økonomisk tronge tider.
– Dette skulle ha skjedd for lenge sidan. Dei som jobbar i kommuneadministrasjonen fortener rett og slett ikkje slike lønningar, seier Carmen Schneider, som jobbar på Sunnfjord hotell.
Carmen Schneider meiner det er på sin plass at kommunedirektøren ikkje aukar lønna si.
Foto: Arne Stubhaug– Eg synest det er sympatisk, seier ein pensjonist i Førde sentrum.
– Det er på sin plass at dei kan spandere av lønna si til kommunekassa. All lønn over 1 million er for mykje, meiner éin annan.
Publisert 03.12.2024, kl. 21.25