Ulykka fann stad på E6 i Levanger i Trøndelag.
– Ein bil involvert og køyrd ned fleire lyktestolpar. Airbagar utløyst, meldte politiet klokka 9.51.
Litt over klokka 10 er naudetatane framme på staden. Føraren fekk først behandling på staden før han blei tatt med til legevakt.
– Helse tar med fører til legevakt for vidare undersøkingar, fortel Fiskvik.
Bilen står i grøfta og trafikken kan passere.
– Lyktestolpar ligg også utanfor vegbanen. Avventar bilberging.
Fleire lyktestolpar blei øydelagde.
Foto: Vetle Woll / NRKBlir meldt til politiet
Klokka 10.41 fortel Fiskvik at politiet har pratet med sjåføren.
Sjåføren er ein mann i tenåra og framstår uskadd.
– Ikkje mistanke om ruskøyring. Ikkje førarkortbeslag.
Fiskvik fortel at mannen blir melt til politiet for ulykka.
– Bilberging på veg og vegen blir truleg stengt eit kort augeblink i den forbindelse.
Operasjonsleiaren fortel at trafikken flyt normalt forbi staden.
Ulykka skjedde ved Nossum i Levanger.
Publisert 29.03.2026, kl. 10.11 Oppdatert 29.03.2026, kl. 10.58












English (US)