Trekk seg etter absurde NM-scener: – Har aldri vore med på noko liknande

13 hours ago 5


– Det må vere verdsrekord i tjuvstartar!, seier speakeren over anlegget på Askøy.

I det tredje heatet på 200 meter blei det ikkje mindre enn tolv tjuvstartar, ifølgje det NRK har talt.

– Eg gjekk ut av teljinga til slutt. Eg tippar sånn 14–15. Det var heilt sjukt, seier ein oppgitt Ingvild Meinseth til NRK.

Scenane på Askøy var svært spesielle. På eit tidspunkt – etter ein del tjuvstartar – byrja både tilskodarar og utøvarar å nærast le av heile situasjonen.

Utøvarane såg på kvarandre og slo ut med armane medan dei traska attende til startblokkane.

– Kva kallar du dette?

– Skandaløst, svarar Meinseth.

– Har du opplevd noko liknande?

– Nei, aldri. Og eg har heldt på i nokre år. Så det var nytt, fortset ho.

Må trekkje seg

Meinseth vann sitt heat, men må trekkje seg frå semifinalane.

– Etter 15 tjuvstartar har eg så vondt i akillesen, så eg må trekkje meg. Det var kjipt, seier Meinseth til arrangøren etter løpet.

Til NRK utdjupar ho kvifor:

– Eg merka at akillesen blei stivare og stivare til slutt, og nå gjer han ganske vondt. Eg merka det ikkje på førehand. Så det hadde konsekvensar. Det var andre som også sa at dei hadde merka det her og der. Det er veldig skadeutsett å halde på slik.

HER TREKK HO SEG: Ingvild Meinseth gjekk inn til arrangøren etter det svært spesielle løpet. Der sa ho at nok var nok.

Det var ikkje berre Meinseth som fekk løpet øydelagt av tjuvstartane.

– Ein mistar litt fokus på at ein faktisk skal springe og blir veldig opptatt av å stå roleg i blokka, seier Julie Ekeland som rauk ut av det same heatet.

– Fekk de noko forklaring på kva som skjedde?

– Det var nokre kort som blei delt ut undervegs, men aldri noko særleg på grunn av tjuvstart. Det var litt rykk og diverse, men det kan skje når det er mange som startar, svarar ho.

Meiner startapparatet fungerer

Thomas Syrstad, konsulent i Noregs friidrettsforbund og ansvarleg for arrangementet frå forbundet si side, meiner det ikkje har skjedd noko stor feil.

ein mann

Arrangøren meiner det ikkje er noko feil med startapparatet.

Foto: Harald Thingenes / NRK

– Per no ser det ut som det ikkje har vore teknisk feil. Det har vore mykje uro i blokka, men me kjem til å undersøkje det meir før finalane. Me må vere hundre prosent sikker på at det fungerer før me sender i gang finaleheata.

– Men det er vel ikkje riktig? Det er jo heilt kaos?

– Det er heilt kaos, absolutt. Derfor har me vurdert situasjonen til at me avviklar apparatet gjennom semifinalane no.

Han synest situasjonen som oppstod var synd for dei involverte.

– Hadde det vist seg at det var ein teknisk feil med apparatet, må me beklage det. Me må beklage uansett fordi det har vore for mykje omstartar. Slik vil me ikkje at det skal vere. Me ynskjer at alle saman skal få springe så raskt som mogleg og at ting skal fungere godt, seier Syrstad og legg til:

– Me må finne rota til feilen, og per no er det ingen indikasjonar på at startkontroll-apparatet har hatt feil.

Publisert 02.08.2025, kl. 17.58 Oppdatert 02.08.2025, kl. 18.49

Read Entire Article